Alina ute av Farmen

Alina ute av Farmen

Då Magnhild vart førstekjempa på Farmen, kom det ikkje som ei overrasking for Alina at ho fekk andrekjempe-tittelen.

image
image
image
Av: Ann May Storebø

Alina Vassnes reiste i slutten av juli til Li-gård i Stange kommune saman med søstera si Malin Vassnes. Dei to jentene meldte seg på Farmen for å få eit nærare søsterforhold, noko som dei lykkast særs godt med. Farmen-søstrene hadde ei flott oppleving med opphaldet på Li-gård, og angrar ikkje eit sekund på at dei meldte seg på programmet, som har nærare ein million sjåarar.

Øksekast

Magnhild Vik som vart førstekjempe på Farmen denne veka, valde å ta Alina som andrekjempe i kampen ho skulle ut i. Det var forventa frå Alina.

—Eg var i ein utsett posisjon sidan eg hadde to finaleknivar, og Magnhild hadde gjort det klart at det var meg ho kom til å velga dersom ho vart førstekjempe.

Som andrekjempe fekk Alina velga grein i kveldens kamp, og det var vel inga overrasking at ho tok øksekast. Ho og Charlotte Thøgesen hadde øvd seg litt på å kasta i skogen, så det var den greina ho følte seg tryggast i mot Magnhild. I onsdagens episode kunne me sjå at Magnhild fann ut at dei to jentene hadde øvd i skogen, og ho gøymte vekk øksa dei hadde brukt. Ho meinte at sidan Alina og Charlotte hadde hatt den ei stund var det rimeleg at ho kunne ha den i nokre dagar.

Kampen

Alina satt i andrekjempe-hytta og hutra litt kvelden før kamp. Ho var ikkje heilt i form, men motivasjonen for kamp var likevel heilt på topp. Ho følte seg sikker på at ho skulle vinna over Magnhild, og det var ikkje eit alternativ å ryka ut. Stødig og klar gjekk ho opp mot "Tinget", og ikkje før ho var komen heilt opp, vart ho ekstremt nervøs og stressa.

—Eg skalv og haldt på å kasta opp då eg skulle kasta, fortel Alina. —Eg kan ikkje ein gong hugsa dei siste kasta mine.

Ho kasta sine tre kast på blinken, utan å treffa ein gong.

—Det rare var at Magnhild kasta akkurat like dårleg som meg, fortel ho, —så då me gjekk på ekstrakast var det så utruleg kjipt at ho kasta ein firar rett etter at eg kasta ein trear.

Tungt å tapa

Alina tok tapet tungt, for ho visste at ho kunne slått Magnhild dersom ho hadde klart å ikkje la nervane ta overhand.

—Det var kjipt å ryka ut rett før finaleveka, seier ho. —Eg visste at dersom eg hadde klart denne kampen, hadde eg hatt god sjans vidare i finaleveka. Om eg hadde kome heilt til finalen hadde eg stilt sterkt då eg hadde to finaleknivar, så det er kjipt å tenka på, seier ho. Det er rett og slett irriterande.

Før ho skulle reisa ut frå Farmen sa programleiar Gaute Grøtta Grav til ho at ho burde prøva å legga irritasjonen igjen på Farmen. Først då ho stod der å tenkte på det, gjekk det opp for ho at ho skulle få komma heim og ut i sivilisasjonen igjen. Då kjente ho at ho såg fram til det og. Ho vart køyrt til næraste butikk der ho fekk handla seg gulerotkake, snop, chips og alt anna som ho hadde hatt lyst på i lengre tid.

Ville ringa Malin, men hadde ikkje nummeret

Ho fekk telefonen sin og skulle ringa Malin, men innsåg at ho ikkje hadde nummeret til søstera på telefonen. Ho ringte til mora, som ikkje svarte, og så til faren, som heller ikkje svarte. Mora ringte opp igjen omlag med ein gong, og Alina synast det var godt å få snakka med ho. Ho fekk nummeret til Malin og ringte på ho etterpå, men Malin kunne ikkje ta telefonen då, så henne fekk ho ikkje snakka med før nokre timar etterpå. 

Vanskeleg omstilling

—Eg rauk ut onsdagen, og sundagen var det finale, fortel Alina, —difor blei eg verande på hotell i mellomtida, då alle skulle tilbake på Farmen til finalen. 

Då Alina kom på hotellrommet brukte ho to og ein halv time i dusjen. Ho hadde problemar med å sova, og det hadde ho i omlag ei veka etterpå. Pulsen var høg, og mentalt var ho inne på Farmen samstundes som ho var komen heim. 

—Det er ganske tøft å omstilla seg slik, seier ho. —Det var og forvirrande med all merksemda eg fekk med ein gong eg kom ut, for eg var ikkje førebudd på at sendingane var byrja på fjernsynet. 

Malin synast det er synd at Alina rauk ut no.

Malin var å spelte fotballkamp den dagen Alina rauk ut, og ho sat i ein bil med jenter frå laget då søstera ringte. Ho synast det var trist å sjå nummeret til søstera på telefonen sin, men ho var likevel glad for at ho skulle få snakka med ho igjen. Ho hadde veldig lyst til å ta den, men ho måtte venta til ho var aleine før ho kunne ringa opp igjen, og det kribla ganske godt då.

Malin synast det var verre å vita at Alina måtte reisa heim enn det var å reisa heim sjølv.

—Eg var så klar for å komma heim at eg reiste heim med eit stort glis, fortel Malin. —Premien fekk ingen verdi for meg fordi eg hadde sånn heimlengsel. Eg hadde verkeleg tru på at Alina skulle komma heilt til toppen i Farmen heile tida, for ho er jo typen til det.

Malin synast det er tøft, men kjekt å sjå på Alina på fjernsyn.

—Alina er ikkje tilgjort, men har vore 100 % seg sjølv heile tida, seier ho. —Ho er ein av dei som har sagt i frå når det har vore noko å reagera på, og ho overraskar nok mange. Mange dømmer ho litt på førehand, men i det ho byrjar å snakka er ho eigentleg akkurat motsett av det ein forventar. Eg er så stolt over ho, og ho klarar seg veldig godt. 

Etter Farmen

Alina har fått enormt mykje merksemd etter at sendingane av Farmen byrja. Faktisk så mykje at ho har fått skjult nummer på telefonen sin. Ho blir overøst av meldingar på facebook og andre media, og det er alt frå barn til eldre menn som skriv til ho. 

—Eg prøver å svara, seier Alina, —men det er ikkje lett å rekka over alle. 

Malin har kome litt lettare unna. Kanskje fordi ho har kjærast, og at Alina har vore fleire veker i fjernsynsruta. Ho skjønar godt at Alina får så mykje meldingar

—Ho er jo ei flotte dame, og ho har både personlegdomen og utsjåande med seg, seier ho —Eg har fått ein del meldingar sjølv, men det kan ikkje samanliknast med det Alina har fått.

Har vore eit eventyr

Då vart det Alina som måtte forlata farmeneventyret i dag.

—Det er kjipt å bruka ni veker på Farmen og så få stong ut, seier Alina, —men eg har fått eit nært å godt forhold til Malin, og me har fått oppleva dette eventyret i lag. Eg har treft mange kjekke folk og lært mykje i løpet av dei vekene eg har vore inne på Farmen. Eg hadde gjort det igjen, avsluttar ho.

Malin synast det var vanskeleg å sjå episoden etter at ho sjølv rauk ut frå Farmen, så ho skal sitta klar til å ringa søstera si etter episoden i kveld. 

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering