Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering

Måtte legga om kosthaldet etter påvist nyresjukdom, og endte opp med å starta for seg sjølv.

Av: Ann May Storebø

Sidan 1996 har Alpnaering vore på norsk marknad med krydderblandingar, kosttilskot, hudpleieprodukt og mat. Produkta kan ein bestilla gjennom nettsida deira eller ein kan ha såkalla "homeparties" der ein konsulent kjem heim til folk og demonstrerar produkta. Anita Salthella har ein nyresjukdom som gjer at ho er nøydd til å tenka på saltinnhaldet i maten ho puttar i seg, og det er bakgrunnen for at ho har starta opp som konsulent for Alpnaering Norge.

Nyresjukdom

Sjukdomen Anita Salthella har er alport syndrom, som gjer at ho skil ut protein som elles skal gå vidare i blodet. For at ho skal skilla ut minst muleg protein må ho vera nøye med kosthaldet sitt.

—Eg må ete så lite salt som muleg for å hjelpe kroppen til å skilla ut minst muleg protein, seier Anita. —Salt er ikkje bra om ein har nyresjukdomar.

Anita sjekka opp kva som fanst på marknaden av saltfattige produkt og fann fram til Apnaering som hadde det ho såg etter.

—Her fann eg supper, sausar, buljong og dessertar som eg kunne bruke.

Apnaering Norge AS

Anita har starta som forhandlar av produkta og har namnet Anita’s Alpnaering.

Eg starta med dette etter å ha brukt produkta ei stund, slik at eg veit kva eg sel, seier Anita, som sel produkta via homeparties.

Produkta til Apanaering kjem frå Sveits, med innflytelse frå Italia. Produkta er naturlege og er laga av urter og eteriske oljer, og produktspekteret er sett saman av spesialistar innan ernæring, helsekost og hudpleie.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

EM Landeveg

EM Landeveg