ÅRETS VAKRASTE EVENTYR

Årets vakraste eventyr

Sommarbåten er på plass i Bekkjarvik, etter ei magisk inngsegling 

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Marie Mundal

 - Inni honen kor mykje båta, mann, seier ein mann, på Selbjørnsbrua. Vaiande flagg og refleksjonar av fleire hundretals båtar, på ein blikkstille men kvitskummande sjø gjenspeglar seg i solbrilleglasa hans. Ingen kunne sagt det betre.

For i dag skin me verkeleg frå vår beste maritime side. Halve fiskeflåten til Austevoll ynskja velkommen frå Hufthammar. Fleire hundre båtar i alle storleikar fulgte det som må vera den flottaste sommardagen i år. Med fantastisk vær, kunne det ikkje vore betre tilrettelagd for den enorme folkefesten på sjø og på land.

- Innseglinga var heilt fantastisk, det var heilt vannvittig, eg er tom for ord. Det er noko av det største og finaste eg har opplevd, sa programleiar Tarjei Strøm, når båten var ankra opp i hamna, som ei bikubedronning- med tusenvis av bier summande rundt seg.

Strøm har på seg ei særs kledeleg t-skjorte, med skrifta: Eg elskar Bekkjarvik

- Det som står på brystet mitt i dag, kan eg stå for, smiler Bergensrockaren.

Kjendis

Eit hav av båtar. Eit folkehav. Kamera som sveipar over mengdane, helikopter som filmar. Det er liv. Det er og mange kjente fjes å sjå på NRK i dag, då den eine etter den andre får sine femten minutt med berømming. Ei av dei som blei godt plassert i armkroken til programleiar Øyvor Bakke, er Mia Blix (13) frå Drøna. Dei andre vennindene var hyttefolk frå Bergen, og måtte litt sjalu sjå på at sommarvenninda kom på skjermen.

- Ho spurde meg om korleis det var å bu her ute, og eg svarte at det var veldig fint, seier Blix, som syntes det var utruleg gøy å komma på TV. I dag er me alle, litt kjendis. Det var andre som sporty stillte opp, og nokon av dei som fekk vist fram sveitte på fjernsyn var gjengen frå Livsstilssenteret, som ved å trena over to timar i strekk, viste at me ikkje berre er aktiv på sjøen

. - No veit alle at me er Noregs sprekaste kommune, gliser Hege Lauvik.

Rørte heile NRK

Det var heilt utruleg å få ein slik velkomst, seier kapteinen på MS Sjølyst, Frank Walsøe, som må på land å roa seg ned, etter innseglinga då han vart rørt av å sjå alle båtane.

- Denne kommunen er så langt den beste, fastslår Walsø. Han får støtte frå to av dei hundre som jobbar ombord på sommarbåten.

- Dette er noko av det finaste eg har opplevd. Det var heilt spektakulært å sjå på alle båtane, og høyra tutingen, vi har berre sett store flagg og store smil uansett kvar vi snur oss, austevollingane kan verkeleg vera stolte av heimstaden sin idag.

Ordførar Renate Møgster Klepsvik, melder at ho er stolt, og takkar alle som bidrog både til sjøs og på land, til at innseglinga til sommarbåten vart magisk.

Minnerik dag

 Dette er ei oppleving me aldri kjem til å gløyme, seier ein gjeng som sitt i ei lita snekke som har fulgt NRKbåten sin ferd mot hamna.

- Det vart så mykje bølgjer av alle som var på sjøen, at me måtte bitta fast ungane. Me trur dei og kjem til å hugse denne dagen godt, ler ho. 

I kø til å gå på omvisning inne på sommarbåten, står to kompisar spennklar.

- Det heile er ganske rart, at me liksom plutsleg er på TV, smiler Rikard Kolbjørnsen (14).

- Denne dagen er kul, tilføyer Martin Sønsterbø (13).

Folkefesten fortsetter

Frå ikveld klokka 20.00 vil den gode stemninga på kaia fortsette, og det er no stor spenning før sommaropentsendinga skal gå live frå Bekkjarvik klokka 21.30. Årets vakraste eventyr, i dag skal heile Noreg, få ein bit av Austevoll.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering