Austevoll marine group

Austevoll marine group

Enkeltbedriftar, med god kompetanse på havbruk og maritim industri, har samla seg for å gje kundane eit optimalt tilbod.

image
Av: Ann May Storebø

Austevoll Marine Group AS er ei samanslåinga av dei fire vekstbedriftane, Marine Support, DG Marine, Dalseide Elektro, og Austevoll Rørteknikk. Det ligg gode tankar bak, om å stå sterkare i samfunnet og å vera ein sterkare leverandør for kundane sine. Dei kan tilby komplette løysingar som vil gje kundane stordriftsfordelar, også med tanke på kostnadar.

Ny bedrift med etablert kompetanse

DG Marine har lang erfaring frå prosjektering og bygging av arbeidsbåtar, og dei har no tatt kompetansen med seg inn i i selskapet. AMG arbeidsbåtar, leverar nøkkelferdige arbeidsbåtar med fokus på at dei skal operera med mat.

Spesialfeltet til elektro er ombygging og oppgradering av elektriske anlegg. Dei har eit høgt kompetansenivå både industrielt og maritimt, og saman med dei andre i selskapet kan elektroavdelinga levera arbeid som omfattar alt naudsynt arbeid, også prosjektering. 

Røyrteknikk/ piping leverar alt fra oppgraderingar og renovering til komplette settefiskanlegg, og Tankanlegg leverar oppgraderingar og komplette tankanlegg for alle typar industri fra olje&gass til næringsmiddelindustri og asfaltanlegg. 

Kom på nett i dag

Dei fire Austevollsbedriftane har jobba med dette i nokre månadar, og i sommar involverte dei Hans Runshaug for å få litt ekstern drahjelp. Runshaug er engasjert som styreleiar og CEO i AMG. Han har også relasjonar til fleire austevollsselskap.

—Austevollsnavnet klingar godt når ein skal utvida i marknaden, seier han, —det er eit sterkt namn med ei positiv klang. 

Løpande verksemd

Dei fire selskapa har ei ordrebok dei tar med seg inn i det nye selskapet, så det er ei løpande verksemd som går inn der.

—Målet framover er først og framst å stå sterkare for dei kundane me allereie har godt etablerte forhold til, slik at me kan bli ein enda flinkare leverandør for dei, seier Runshaug. —Me vil og utvida kundemassen mot blant anna havbruk og maritim industri. Der er me etablerte og me veit at me er gode på det. 

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering