Siger til Austevoll i siste heimekamp på vårsesongen

Siger til Austevoll i siste heimekamp på vårsesongen

AIK med kontrollert 2-0 siger heime mot Tertnes

Av: Ole Andreas Drønen

Lørdag var det duka for heimekamp mot Tertnes for Austevoll Idrettsklubb i 13 runde av serien. Dette var siste kampen på vårsesongen, og det er få poeng som skill dei to laga på tabellen i tredje divisjon. Med flotte værfohold og godt oppmøte låg alt til rette for ein fin fotballkamp på Eidsbøen.

Før kampen

Alle borna som deltok på fotballskulen hadde i samband med kampen anledning til å ta med seg ein vaksen tilskuar gratis inn for å sjå dei oransje i kamp mot blåtrøyene frå Tertnes. Dette tilbodet såg det ut som fleire hadde nytta seg av, og det kom stadig fleire tilskuarar inn i det mallorcatemperaturen inntok grasmatta på Eidsbøen. Før avspark foregjekk det ei intens oppvarming frå Austevoll si side, medan blåtrøyene dreiv lett småjogging på motsatt banehalvdel.

Offensiv AIK

Spelarane til AIK var på frå første stund, dei stod høgt og pressa Tertnes bakover. Dei gangane Tertnes kom over på AIK sin banehalvdel, gjorde ein solid innsats frå forsvaret til dei oransje at det aldri føltes truande for kampbildet. Alexander Dale var ein av forsvarsspelarane som utmerka seg svært godt dei gangane Tertnes prøvde å nærme seg AIK-målet. Dale, i lag med resten av forsvararane, hadde ein ro over seg som gjorde at Austevoll stort sett hadde god kontroll i bakre banehalvdel.

Under kampens første omgang vart det utdelt gult kort til Henrik Melingen, og Tertnes nytta denne muligheita til å ta eit frispark som gjekk rett i klypene til den 25 år gamle keeperen Sarunas Kazlauskas frå Litauen. AIK hadde fleire cornerar i løpet av første omgang, Brede Storebø tok eit cornerspark som gjekk like over målet til Tertnes, og Frode Storebø hadde ein rask variant der han satt i gang spelet medan Tertnes sine forsvarsspelarar ikkje såg ut til å være heilt vaken. Heller ikkje denne corneren fant veien inn i målet.

Rutinert angripar

Mot slutten av første omgang vant Tertnes ballen oftare, og dei klarte til ein viss grad å blokkere skuddforsøka til AIK. Likevel kom den rutinerte angriparen Tord Harald Skår seg inn i god posisjon, og fekk dundra ballen i mål etter ein god pasning frå Alexander Dale. Det stod dermed 1-0 til heimelaget i det det nærma seg pause, og Brede Storebø rakk også å forsøke seg med eit godt skot rett før dommaren blåste av første omgang. Tertnes var prega av mange feilpasningar i dei første 45, noko AIK-spelarane visste å nytta seg av. Heimelaget såg ut til å ha god kontroll over kampen i det det vart pause.

2 omgang

I den andre omgangen av kampen var det eit meir offensivt Tertnes me blei vitne til. Blåtrøyene såg ut som dei ville meir, men med eit godt forsvarsarbeid frå AIK si side var det ikkje enkelt å trenge gjennom, og måla lot derfor vente på seg for gjestane. I kampens hete blei det delt ut to gule kort til motstandarlaget, nummer 9, Thomas Johannesen og nummer 16, Christer Johansen. Det vart tøffe duellar, og Martin Veivåg fekk seg ein smell og blei liggande nede ei lita stund, før han reiste seg og mottok applaus frå tilskuarane. Veivåg, som gjorde ein flott figur for heimelaget, vart seinare bytta ut med spelar nummer 16, Nils André Eidsheim. 

Keeperen til Tertnes var ustabil under store delar av kampen, og med fleire dårlege utspel som for rett i beina på AIK-spelarar, var det heimelaget som også dominerte store delar av andre omgang. Det var ikkje bere keeperen til Tertnes som sleit med feilpasningane, då eine forsvarsspelaren til blåtrøyene skulle sentre bak til keeper, var den notoriske målscoraren Tord Skår nok ein gang på offensiven og fekk snappa opp ballen før den nådde målvakten. Skår satte ballen kontrollert i nettingen og AIK leda dermed 2-0 over gjestane.

Mot slutten av kampen var det ein tilskuar som ropte "køyr på! Om 10 minutt har dykk ferie". Det var ingenting som tilsa at AIK-spelarane hadde ferie i tankane, og dei oransjekledde kjempa heilt til dommaren signaliserte at kampen var over. Dei kunne dermed gå av banen med hovudet høgt heva etter ein solid gjennomført fotballkamp. Tertnes var aldri i nærleiken av å kontrollere kampen, og det vart ei fornøyeleg skue for dei som hadde møtt opp for å støtte heimelaget til siger.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering