Austevollingen

Austevollingen

Treng ein ildsjel frå Austevoll

Av: Ann May Storebø

I nærare eit år har Austevollingen no vore i drift, og det har vore ei spennande, moro, interessant, lærerik og travel tid. Austevollingen har fått ei fantastisk mottaking, og eg takkar alle for støtta og dei gode orda som har kome. 

Forutan at det er ein person som lagar alt som har med sjølve nettsida å gjera og ein del av annonsane, har det vore ein person i redaksjonen, noko som sjølvsagt gjer det vanskeleg å følga opp alt. Særskilt sidan eg har jobba i tillegg, for å ha «normal» inntekt.

Det ideelle hadde vore å hatt med seg ein person, men det visa seg å vera vanskeleg å få til, då det ikkje er økonomi til å leva av dette.

Det er med tungt hjarte at me no legg Austevollingen i ro, men eg ser at eg ikkje kan gjera ein god nok jobb uansett når eg er aleine og jobbar i tillegg, så då er det kanskje til det beste likevel.

Igjen, tusen takk for all støtta eg har fått. Det har vore ei fantastisk tid.

Me er for tiden på utkikk etter ei eller ein som brenn for Austevoll, er det deg eller kjenner du nokon som har lyst til å jobba med Austevollingen så er det berre å ta kontakt

 

 

Fleire saker

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering

EM Landeveg

EM Landeveg