Bøtelagt

Bot og beskjed

Politiet har avslutta saka med 51-åringen som gjorde innbrot på Eidsbøen natt til tysdag.

Av: Ann May Storebø

I går kunne ein lesa på Austevollingen at ein mann vart pågripen for innbrot på Eidsbøen. Politiet trefte på han då dei var ute å leita etter han, men gjorde ei vurdering om å ta namn og nummer og snakka med han igjen dagen etter. I går var politiet ute og skulle henta han, og mannen vart pågripen då han sat i eit busskur og drakk, saman med ein annan person. Han vart tatt med til lensmannskontoret og sikta for forholda frå natta før.

Bøtelagt

—Mannen har sitte i avhøyr, og blei i går bøtelagt for samtlege forhold, så me er forsåvidt ferdig med saka, seier lensmann Per Nordstrand. —Han blir ikkje fengsla, men me har formana han hardt om at dette vil få større konsekvensar om han skulle finna på noko slikt igjen. Då er me klar! Ein kan ikkje helda på med slikt om ein skal opphelda seg på ein så liten plass.

—Eg vil tru det er ein del som synast det er særdeles ubehageleg og litt ekkelt at slike ting skjer rundt oss, og heldigvis er det ikkje kvart år det skjer slike ting her. Me håpar og trur at det me gjorde i går har veldig preventiv effekt. Det var praktisk for oss å kunna henta han dagen etter og få avslutta saka her ute, seier Per Nordstrand.

Relaterte saker

Mann pågripen for innbrot på Eidsbøen

Mann pågripen for innbrot på Eidsbøen

01. juli 2015

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering