Brann i forflåte

Brann i forflåte

Brannmannskapen rykte ut klokka 02.30 i natt.

Av: Ann May Storebø

Brannmannskapen måtte klokka 02.30 i natt rykka ut med fem mann då ein av Lerøy sine fôrflåtar stod i full fyr ute ved Navøy på Bakkasund. Frå meldinga kom og til dei var på staden tok det 22-23 minuttar. Saman med Rygervakt fekk dei kontroll og slukka brannen ganske fort, men heile fôrflåten brann opp. 

Heftig brann

—Det var ein forholdsvis heftig brann, seier vakthavande brannbefal Hans Petter Bjånesøy, som har vore med på slukkingsarbeidet i natt. —Det var dieselolje, maursyre, spelolje og diverse ombord, så me kappa sambandet til fiskemerdane tidleg og hadde fokus på å kjøla ut, slik at ikkje fisken skulle verta skada. Det var ikkje mykje diesel og anna frå fôrflåta som kom ut i sjøen, så det ser bra ut.

Mykje utstyr

Fôrflåten vert brukt som opphaldsrom for dei som jobbar der i tillegg til at fôr og diesel vert lagra der. Det var ein god del maskineri, aggregat, forings-einingar og andre ting ombord der, og mykje av det brann opp. Brannmannskapen klarte likevel å få slukka før det tok fyr i i siloane av aluminium, som var delvis smelta.

—Hadde det tatt fyr i foret hadde det brent mykje lengre, så me jobba for at det ikkje skulle skje. Me hadde Rygervakt og ein liten båt som me fann der ute til å hjelpa oss å få slukka, og me valte å ikkje bruka lenser, for me fekk berga det som kunne bergast utan, seier Hans Petter Bjånesøy til Austevollingen. 

Sjølve flåten med fortankane på flyt framleis, men alt anna er brent opp. Hans Petter Bjånesøy kunne ikkje svara på kva som kan vera årsaka til brannen.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering