Ill: Seistar

Brørne Bakke bygger båt til 300 mill

—Dette er ein toppmoderne og godt utstyrt brønnbåt, og me er godt nøgde, seier reiar Tore Bakke.

image
Av: Ann May Storebø

Dei fire brørne Hans, Tore, Arne og Edvard Bakke frå Austevollshella har signert kontrakt på bygging av ny brønnbåt, med ein prislapp på 300 millionar kroner. 

Brønnbåthistoria til brørne Bakke

Hans Bakke starta i 1995 opp med "Seihav", og i 2000 gjekk han i lag med Sjøtroll 50/50. På den tida kom brørne Tore og Arne og inn på eigarsida. Dei bygde om trålaren "Båtsfjord" til brønnbåt og kalla den "Seihav". I 2002 fekk dei overlevert "Seigrunn", men allereie i 2003 måtte dei selge "Seivåg" til Chile, grunna dårlege tider i oppdrettsbransjen. Yngstebroren Edvard kom inn på eigarsida i Seihav as, og det gjorde også onklane Harald og Hans Reidar Njåstad. Sjøtroll eigde då 50 prosent, "Seihav" 41,6 prosent og onklane resterande.

I 2008 bestemte Sjøtroll seg for å selge sin del, og parten på 50 prosent blei kjøpt opp av Mowi Star holding as, og Aqua Star as, som er Svein Martin Sæle sitt selskap. Brørne kjøpte "Lafjord" og bygde den om i Polen i 2008 og kalla den "Seivåg".

I 2013 selde Mowi Star, Aqua Star og onkel Harald sine aksjepostar, og Seihav AS eigde no 95,4 prosent av aksjane. Onkel Hans Reidar var fortsett med på eigarsida, men i januar i år, kjøpte brørne ut han og, og hadde då 100 prosent av aksjane. Brørne eig 25 prosent kvar i Seihav AS, som igjen har eigd Seistar Holding. 

Seistar holding

Seistar holding har tre dotterselskap, Seivåg Shipping AS, Seigrunn AS og Mowi Star AS, og dei selskapa eig igjen brønnbåtane Seivåg, 1000 kubikk, Seigrunn, 1200 kubikk og Mowi Star 615 kubikk. I fjor hadde dei tre båtane ein omsetnad på omlag 100 millionar kroner. 

Når brørne no kontraherte ny båt, selde dei 50 prosent av Seistar holding.

Lerøy Seafood group

Lerøy Sjøtroll er ein stor kunde og samarbeidsaktør til Seistar Holding, og no har Lerøy Seafood group også gått inn på eigarsida i selskapet. Dei og brørne Bakke eig no 50 prosent kvar.

Skal utrustast på Fitjar

Det var Fitjar Mekaniske Verksted som kunne levere best pris og leveringstid, og dermed fekk oppdraget med å utrusta brønnbåten, medan skroget til skal byggast i Romania. Fitjar Mekaniske Verksted er eigd av Laco AS, som er Helge Møgster og familien sitt selskap. Laco er største eigar i Austevoll Seafood ASA, og dei er igjen største eigar i Lerøy Seafood Group. 

Seistar

—Brønnbåten "Seistar", som me no bygger, er 78,8 meter lang og har ein lastekapasitet på 3900 kubikk brutto og 3600 kubikk netto. Den blir spesialbygd og kan gå lukka med 150 kg/kubikk i over eit døger, alt etter dei nye standardane frå Mattilsynet fortel reiar Tore Bakke. — Den er bygd for å kunne behandle over 500 tonn med 2,5 kg fisk med h2o2 og ferskvatn.

—Båten skal hovudsakleg brukast til å få bukt med luseproblema og agd-utfordringa som er på Vestlandet, seier han. —Dette er ein moderne og godt utstyrt brønnbåt, og me er veldig nøgde.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering