Bygginga på Storebø skule

Bygginga på Storebø skule

Rektor Bjørn Kristian Bjånesøy er nøgd med korleis skulen byrjar å ta form.

image
image
image
Av: Ann May Storebø

Store endringar har no skjedd på Storebø skule, og i løpet av det neste året skal det enno skje mykje. Rektor Bjørn Kristian Bjånesøy er spent på å sjå kva som ventar han, resten av personalet og elevane når dei kjem tilbake til skulestart i august.

Ubehagelege overraskingar

I førre veka gjekk alle tilsette på Storebø skule på ferie saman med elevane. Kontora deira er rydda tomme og er snart historie. Etter fleire ubehagelege overraskingar med blant anna rotter og rotteskit er dei ikkje lei seg for at mykje av det gamle skulebygget skal fjernast.

—Det var ekkelt å sjå spora etter rottene då me rydda vekk skap og hyller, seier rektoren, som fortel at fire rotter har blitt tatt. —Det er tilsette her som har vore sjuke i periodar, og meiner at det kan ha med tilstanden på bygga å gjera. Me er glad det skal rivast!

Gler seg over utviklinga

Delar av skulen skal stå ferdig i september/ oktober i år, og resten skal stå klart til skulestart 2016.

—Eg gler meg enormt til dette, seier Bjørn Kristian Bjånesøy. —Me kjem å få fine klasserom på omlag 70 kvm med eigne garderobar, grupperom, toalett inne og ei fantastisk fin kantine med mykje lys og utsikt over sjøen. Her kjem det til å bli flott!

—Me kjem jo og til å få eit fantastisk personalrom med eventyrleg utsikt, så det kjem vel til å verta vanskeleg å komma seg tilbake på jobb etter pausen, ler han.

Riving

Dei tilsette på skulen trudde at det som skulle rivast skulle gjerast frå neste måndag, så dei blei positivt overraska då jobben vart byrja på ei veke før.

—I neste veka skal delar inn mot gymsalen rivast, og straumen vert då tatt i periodar. Det kan vera ei utfordring sidan lokalet skal brukast til feiring av bryllaup om halvanna veke, seier Bjørn Kristian. —Leigetakarane er litt nervøse for om det kjem til å vera klart til dei skal leiga, men Nævdal bygg meiner det skal gå fint.

Nævdal bygg

Rektoren er særs nøgd med Nævdal bygg som står for arbeidet med skulen.

—Dei har vore utruleg kjekke å ha med å gjera. Flinke å følga opp, og har fått til alt me har bede om. Me har for eksempel fått takoverbygg på omlag ein meter rundt nybygget, slik at elevane kan stå under tak når det regnar. Det var ikkje planlagt, men me fekk det med.

—Det var eit himla styr når alt skulle tømmast og ryddast ut, og der fekk me og god hjelp frå arbeidarane.

Betre uteplass

No skal fasadeplatene settast på bygget, og ryddinga på plassen er også i full gong.

—Når me kjem igjen til hausten skal det vera muleg for elevane å leika på heile området her. Ballbingen skal også fiksast med ny drenering og nytt dekke i løpet av sommaren, i tillegg til å verta fjonga med litt maling. Hausten kjem til å bli mykje betre i år, med større plass på sjølve skuleplassen. Noko av området rundt kjem nok til å vera avstengd i periodar når det vert rive og fiksa på skulebygget og uteplassen. 

—Det er planar om å fiksa opp heile uteområdet, så det blir bra, seier Bjørn Kristian. —Området er stort, grønt og fint, men det må gjerast meir tilgjengeleg. Eg meinar dei er nemd at det er omlag 50 kvm pr elev når det blir 300 elevar på skulen, så det er god plass. Me har jo sjølvsagt ikkje same flotte område som enkelte andre plassar, men det er mykje me kan få gjort her som gjer dette bra likevel.

Støydemping

Eit klasserom er allereie sett opp bak kultur/ gymsalen, og tatt i bruk.

—Dette skal bli musikkrom og er difor plassert i samband med kultur/ gymsalen. Det er så god støydemping her at me ikkje høyrer bråk frå salen når klassar har gym der. Lyden er så dump og god at me finn ei eiga ro når me kjem inn i dette lokalet, seier Bjørn Kristian.

For å få det like behageleg i enkelte av dei andre romma skal det nok litt til.

Då dei tok ned panelet i nokre rom var det ei etterklangstid på 1,2 sekundar. Det rett og slett gjalla i veggane der. Det står i anbodet at heile skulen skal framstå som ny, så det må leggast nye golv, veggar og ikkje minst støydemping i fleire av romma. 

Positivt personale

Personalet har vore innstilt på at det skal vera turbulens med klasserom, flytting, byggestøy og anna som følgjer med ein så stor byggeprosess.

—Det går bra når ein veit at det er for ein periode, og ein veit at ting skal verta betre. Det har gått utruleg fint til no, og elevane har jo og vore utruleg flinke å takla dette. Dei er heilt enormt tilpassingsdyktige, men det er nok verre med foreldre og besteforeldre nokre gonger. 

Trolandshammar er med i prosessen

Bjørn Kristian trur at dei tilsette på Trolandshammer gjekk litt i kjellaren til å byrja med når dei fekk beskjeden om at dei no skulle flytta over til Storebø, men det verkar som at det går seg til og.

—Me har byggemøter annakvar torsdag, og då har eit par av dei frå Trolandshammar og vore med, så dei er godt integrert i prosessen med skulen, seier rektoren som er glad for å ha eit år til på seg. —Det blir stor endring og mykje nytt for oss med så stort personale og omlag hundre ekstra barn. Det er jo omlag 60 barn på SFO berre no til hausten, så det vil bli enda fleire til neste år. 

Dei to skulane har hatt, og kjem til å ha felles aktivitetsdagar for å verta godt kjende og vane med at dei skal verta eitt.

Utfordringar

Gym/ kultursalen skal ikkje gjerast noko med, og ei av utfordringane då er å få plass til å samla alle barna i gym/ kultursalen. 

—Me må kanskje dela dei opp i små- og mellomtrinn når me skal ha samlingar, seier Bjørn Kristian som ikkje ser svart på det. —Ein av dei store bekymringane me hadde i fjor var kven stakkarar som måtte ha klasserom i brakkene me har hatt ståande på plassen her. Når alt kom til alt visa det seg at brakkeklasseromma var heilt supre, og dei beste me har hatt her. Det meste blir nok bra etterkvart. 

No kosar han seg med å følga med etterkvart som ting vert gjort, og sjølv om han har ferie tar han ikkje heilt fri.

—Det skjer noko heile tida, og me ser endring frå dag til dag. Det er spennande, så eg kjem vel til å stikka nedom med jamne mellomrom for å følgja med, flirer han. Dei er eigentleg fire veker på etterskot på grunn av ein byggestopp tidlegare, men mykje er i rute likevel. Me er blitt lova at alt skal stå ferdig til hausten 2016, og me håpar på at dei klarar det til august. Alt som er ferdig før det er ein opptur.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering