Costa Daurada Cup

Costa Daurada Cup

Selbjørn/Austevoll J16 gjer det bra i Costa Daurada Cup i Barcelona

image
image
image
Av: Ann May Storebø

Jentene har gjort ein fantastisk cup så langt og har spelt seg fram til finale mot sjølvaste Atletico Madrid.

Manglar målmann

Laget reiste ned med fjorten spelarar, men utan keeper, så jentene har bytta på å stå i mål. Tretten av jentene er frå AIK/SIL, men nummer fjorten er spissen Kristina Brudvik som dei har fått låne i frå Bønes. Så langt i turneringa er ho toppscorar.

Spelar godt i varmen

Det er ein voldsom varme for jentene å spela i, men det har gått fint med dei, og dei har spelt gode kampar.

—Jentene starta mot Villa Seca, som er eit lokalt lag frå Barcelona, på onsdag. Det var veldig varmt, men jentene vant fortent 2-0, fortel trenar Runar Veivåg. —Torsdag føremiddag spelte SIL/AIK mot norske Brumunddal, og her var dei klart best og vann heile 7-0. Ettermiddagskampen gjekk mot Spanske El Morell. Her spelte jentene fest-fotball og vann til slutt 5-0.  

—Jentene taklar varmen betre og betre, og dei var offensive inn mot semifinalen mot Intxaurdi frå Nord Spania, fortel Runar Veivåg.

Spanjolane tok ei tidleg leiing, men jentene utlikna og tok leiinga før pause.

—Det vart ein knallhard kamp i ein veldig varme, seier Runar. —Spanjolane utlikna seks minuttar før slutt og det sette verkeleg i gang jentene som fekk inn leiarmålet to minuttar før slutt. Det var fullt fortent siger i ein kamp der den spanske dommaren frustrerte både spelarar og dei på benken.

Finale

Klokka ti i dag går finalen mot Atletico Madrid, og då skal jentene vera klare til ny innsats, seier Runar, som synast jentene har vore sporty og flinke.

 

Jentene vann finalen og har sikra seg gullet med heim til Norge!

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering