Dieselsøl

Dieselsøl

Eit uhell i ein fiskebåt som låg til kai laga griseri i sjøen ved Austevoll fiskeindustri.

Av: Ann May Storebø

Trålaren MS Tobas har i dag hatt eit uhell ombord som gjer at dei mista diesel på sjøen på Storebø. Dei låg til kai ved fiskeindustrien på Storebø då det skjedde, og Austevoll brannmannskap jobbar no med å få opp sølet. 

—Austevoll fiskeindustri ringte oss om dieselen som var hamna i sjøen ved eit uhell, seier John Levy Weløy til Austevollingen. —Me har ein god dialog med dei som er ombord, og dei har bistått oss i arbeidet med å få rydda opp. Med Rygervakt, vår eigen plastbåt med påhengs og ein MOB-båt frå Tobas har me fått lagt ut absorberande lenser som skal suga til seg dieselen. Me ser no at det er byrjar virka.

John Levy seier dei no skal ha ei lita oppsummering på situasjonen, før dei fortset arbeidet og med å følga med til dieselen er rydda opp.

 

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering