Dyrare å bruke mobiltelefon til sjøs

Dyrare å bruke mobiltelefon til sjøs

Frå august blir det dyrare å bruke mobiltelefon offshore
Av: Marie Mundal

Prisane for mobilbruk på norsk sokkel har til no vore lik som på fastlandet, og dei som jobbar i Nordsjøen har fått inkludert ringeminutt og prisar frå sitt vanlege abonnoment. Dette endrar seg frå 13. august, då Telenor overtek drifta av basestasjonane på kontinentalsokkelen, frå sitt heileigde datterselskap Maritime Communications Partner (MCP).

60 kr for å ringe ein time

Frå 13, august vil prisane auke til henhaldsvis 0,99 kroner per minutt å ringje eller motta samtalar. Datatrafikken vil koste 1,49 kroner frå fyrste megabyte, og tekstmeldingar og MMS vil koste 0,99 og 1,99 kroner per stykk.

- Det blir dyrare å bruke telefonen offshore, men tjenestane blir igjen mykje betre enn før, seier MCS- direktør Frode Stødal, til austevollingen.no.

- Når du byggjer ut infrastrukturen frå 2G, eit reint samtaletibud, til eit fullt moderne 4G-tilbud offshore er det ein betydleg investering. Byggjer du ut, kostar det pengar, seier Stødal. Plattforane skal ha fiberlinjer ut til basestasjonene som kan skyte 4G dekning 70 kilometer ut. Dei som arbeider i Nordsjøen må betale for sitt konsum, men dei får eit topp 4G nettverk, med betre kapasitet og dekning på tjenestene, som dei kan nytte, seier Støldal. 4G-nettet skal byggjast ut både i Norskehavet, Nordsjøen, og MCP ser på moglegheitane i Barentshavet.

- Mannskapet kan bruke sin eigen telefon kvar dei er i verda, den maritime trafikken vil ha nytte av det, vi må tenkje framover og innovativt, seier Støldal

Misnøgde Nordsjøarbeidarar

Prisendringane kan føre til ei stor auke i telefonutgifter til offshorereiarlaga og fiskebåtreiarlaga. Dei høge kostnadane skyldes i hovudsak dyr transmisjon frå plattformane til land, men også kostnadsnivået ein generelt har offshore. Mobilprisane har ført til misnøye blant fleire Nordsjøarbeidarar, som mellom anna har opretta ei protestgruppe på Facebook som i skrivande stund har 730 medlemmar.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering