Lærar Roy Dahle, Geir Ove Haugland og Hans Petter Martinsen. Foto: Sigve Solbakken

Eks torpedo formidlar farane ved narkotikabruk

Kvar dag døyr det fem menneske av overdose i Noreg. Likevel prøver ungdommar ut farlege stoff utan å forstå kva følger det kan få.

Av: Ann May Storebø

Hans Petter Martinsen reiser rundt og fortel om fortida si og kva grep narkotika kan få om livet om ein er uforsiktig og eventyrlysten. Han har sjølv erfaring, og veit så alt for godt kva han snakkar om. Han meinar at det må mykje forebyggande arbeid til for å få ungdommane til å innsjå kor farleg narkotika er. Det er mykje vanskelegare å hjelpa folk som allereie er hamna "utpå". 

Boksetalent

Martinsen jobba som blikkenslagar og var samstundes eit stort talent innan boksing. I åra 1984 til 1986 vann han tre NM på rad, to i 75 kg, ett i 81 kg-klassen. Han boksa landskampar og vann kongepokal i EM og VM. I 1988 er Martinsen med i nordisk meisterskap i Roskilde og der vinn han Noregs einaste gull. Dette vert det siste han gjer i karriera som boksar. 

Talent for pengeinnkreving

Etter kampen i Roskilde kom Martinsen inn i ein dårleg spiral, og tilfeldige hendingar gjorde at han fann ut at han hadde talent for pengeinnkreving. Ryktet hans vart fort kjend, og han brukte dei neste sju åra av livet sitt til å spre frykt og vald rundt seg. Samstundes tok han i bruk anabole steoridar for å bygga opp kroppen sin, i tillegg til andre stoff som kokain, amfetamin, rohypnol og valium. Han vart snart ein leiande figur i torpedomiljøet i Oslo, og han var både kjenslelaus og utan bakkekontakt. Han forhandla med tunge kriminelle, og at han har overlevd alt han har vore med på er eit reint under seier han.

—Gud passa på meg og verna om meg, seier Martinsen om kvifor han framleis har livet i behold.

På rett kjøl

Det var i 2001 at Martinsen klarte å snu livet sitt på rett kjøl.

—Lyset kom tilbake i livet mitt, fortel han. —Eg har aldri slutta å tru, men eg tok eit langt steg bort frå Gud i nokre år. Eg har opplevd å lesa i avisa å sjå venar av meg døy som konsekvens av det livet me levde. To gongar skulle eg sjølv vore død, men eg overlevde på mirakuløst vis.

Martinsen har ei djup tru.

—Eg er eit levande bevis på kva Gud kan gjera, seier han. Folk trudde det hadde tippa over for meg då eg fortalte at eg var blitt kristen.

Kristen- ikkje religiøs

—Eg set skille med å vera kristen og å vera religiøs, fortel Martinsen. —Religiøse har laga seg så mange lovar og regler for kva ein bør gjera eller ikkje. Me skal elska kvarandre og ikkje gjera alt så komplisert med reglar og tolkingar meinar eg.

Mørketal

—I førre veka leste eg at 250-300 tusen barn lir fordi dei har foreldre med narkotikarelaterte problem, fortel Martinsen med dyster stemma. —Kvar dag døyr fem menneske av overdose. Eg har skrive ei bok om nettopp dette som heiter "Dødens epidemi og djevelskapet i samfunnet". Der fortel eg om konsekvensar ved bruk av narkotika. Hasj, som er det stoffet som har vore mest akseptert og kalla ufarleg, er det stoffet som gjer mest hjerneskade, fortset han. —Først forsvinn kortidsminnet, ein blir ofte sjølvsentrert, og seinskadane er mykje større enn mange er klar over.

Forebygging

—Det er mange som ikkje tør snakka sant om narkotika, og alle ringverknadane som kjem i kjølvatnet av det, seier Martinsen. —Det er mi oppgåve å fortella om kva som kan skje om ein prøver narkotika, og å fortella ungdommar kvifor dei aldri må prøva den gifta. Her er tre gode grunnar til dette:

— Ein kan ikkje få lyst på noko ein ikkje har prøvd.

—Ein kan ikkje bli avhengig av noko ein ikkje har prøvd.

—Ein slepp den naturlege stemmen i hovudet som dreg ein vidare til å prøva igjen.

—Eg har reist på kryss og tvers i ti år og snakka om dette og eg veit kva eg snakkar om, seier Martinsen. —Det er tusen gongar vansklegare å slutta enn å byrja. Eg kjenner ingen lykkelege narkomane- samtlege er døde. I fem år jobba eg med narkomane på Plata i Oslo, men fann ut at eg må forebygga i staden.

Tredje gong i Austevoll

Martinsen har vore i kommunen og snakka om narkotika to gongar før. Han synast menneska han har møtt har vore imøtekommande og greie, og han har fått godt inntrykk av lærarar og elevar han har treft på.

Austevoll er ein veldig flott plass, og eg kunne gjerne budd her, seier Martinsen. —Kanskje eg skulle hatt eit sommarhus her. —Eg har og fått tilbod om å komma å vera vikar, for elevane sit så stille når eg undervisar, seier han. —Alle ungdomane følger med kontinuerleg i to timar.

Martinsen meinar at innhaldet i det han fortel er fengande, men han forklarar at den sterke formidlingsevna har med eit nærvær frå Gud å gjera. I helga har han vore å snakka på Austevoll vidaregåande skule og på ungdomsklubben på Storebø. Han har møtt mange ungdommar, og håpar at dei sterke og fengslande opplevingane hans kan vera medverkande til at færre ungdommar prøver narkotika.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering