EM Landeveg

EM Landeveg

Ole Andre Austevoll er klar til å sykla i landslagsdrakta for første gong.

Av: Ann May Storebø

EM Landeveg vert arrangert i Estland 5.-9. august. Som ein av dei tjue ryttarane i junior og U23-klassane som er tatt ut til meisterskapen, finn me vår eigen Ole Andre Austevoll.

—Endeleg har eg fått landslagsplass, seier ein strålande nøgd ungdom. —Dette er veldig kjekt, men eg trur også det kjem til å bli knallhardt. Det er ei teknisk og småkupert løype så det blir nok eit tøft ritt.

Hjelperyttar

—Eg har lyst å gjera det bra i dette rittet, men sidan det er det første løpet for meg i landslagsdrakt, vil eg nok få ei hjelperytter-rolle. Eg må då køyra for å hjelpa kapteinen på laget, og det blir litt annleis enn det som eg gjer til vanleg i Fixit, fortel Ole Andre Austevoll. —Eg har lyst å gjera ein så god jobb som muleg for laget og dersom eg får sjansen til å gjera det veldig bra sjølv, så har eg sjølvsagt lyst å ta den.

Førebuingar

Ole Andre ladar opp til EM med NorgesCup i helga. Han skal ha to harde økter, før han tar det heilt roleg dei siste dagane for å få overskot fram mot EM Landeveg.

Relaterte saker

Team Fix It har sykla Tour of Norway desse dagane. Foto: Team Fix It

Ole Andre viste styrke i Tour of Norway

30. juli 2015

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering