Farmensøstrene

Farmensøstrene

Dei to søstrene Alina og Malin Vassnes, frå Austevoll, har vore deltakarar i Farmen 2014.

image
image
image
Av: Ann May Storebø

Påmelding til Farmen 2014

—Me skal ikkje melda oss på Farmen då?
Det spørsmålet slengte Malin ut til søstera Alina, heilt på tampen før søknadsfrista gjekk ut i midten av april.
—Eh, joda, svara Alina.

Dei to søstrene satt heima hos mor si i Bekkjarvik då dette kom opp, og mest på gøy slengte dei inn ein søknad. Då dei vart trekt ut til førstegongsintervju var dei forskrekka, for det var over 6000 påmeldte, og dei var då blitt to av 600 som var aktuelle deltakarar. Då dei blei kalla inn til intervju nummer to var dei enda meir overraska, for då var dei plutseleg to av 60, og det heile var litt meir reelt. Det gjekk ei stund før dei høyrte noko meir, så dei trudde vel eigentleg ikkje det blei noko av det, så då dei fekk telefon om at dei var inne, var dei forfjamsa, men glade.

Ulike personlegheitar

Dei to søstrene er svært ulike på alle måtar. Malin var klar for å verta enda betre kjent med søstera si og tenkte at Farmen kunne vera noko som kunne sveisa dei saman.

Alina tenkte —Me er vel "close enough"!

Alina synast sjølv at det høyres litt klisjeaktig ut når ho fortel det, men ho ser at Malin sitt ønske gjekk i oppfylling. Dei to søstrene har blitt nærare kvarandre enn nokon gong.

—Me reiste inn på Farmen som søstre, men me reiste heim igjen som gode venninner, seier ho.

Malin seier — eg er så takknemlig for at me fekk denne mulegheiten til å vera med på dette, for me hadde aldri klart å sveist oss så saman viss ikkje.  No blei det tid til det, og det var det som skulle til. Ho meinar at det sterke forholdet dei har i dag er noko som er unikt og heilt spesielt.

Inne på garden

Då deltakarane endeleg kom fram til garden, etter ei lang reisa, var det eit utruleg flott syn som møtte dei. Ein idyllisk gard, men at det er hardt arbeid å driva ein gard uansett kor idyllisk det ser ut, fekk dei snart erfara. Alina og Malin synast ikkje det kjem så godt fram i programmet, men dei jobba hardt heile tida.

—Kvar dag stod me opp med sola og la oss då den gjekk ned. Nesten all tida me hadde gjekk til å jobba på spreng.

—Det er ikkje skodespel der inne, men det er nett slik som det framstår med mykje fysisk, tungt arbeid og lange arbeidsdagar, fortel Alina. —Arbeidet med stein då me skulle laga potetkjellaren, var alvorleg tungt, og me sleit frå tidleg til seint i mange dagar.

Mange av deltakarane var nokre flinke arbeidsjern, men det var forskjell på kor interesserte dei var å læra vekk kunnskap. Det var særskilt ein deltakar som tok på seg oppgåva med å læra vekk mykje av kunnskapen sin, og det set jentene pris på. Det var og veldige forskjellar frå veka til veka etter kven som var storbonde, for det var svært ulike metodar som vart brukt av dei som var i sjefstillinga. Dei fleste vill gjerne klara vekesoppdraga, for det gav dei betre forhold med tanke på matsituasjonen.

— Me var heldige og hadde mat heile tida, men me var litt lei og litt daff av å ikkje eta kjøt i periodar. Det gjekk over når ein kom over ein kneik, seier Alina.

Stinkande kroppslukt

Til å begynna med kjente dei stram kroppslukt, men etter ei stund var dei ikkje veldig plaga av eiga, eller andre si lukt der inne.  Då dei pakka kleda sine uta av bagen då dei kom ut frå Farmen igjen, skjøna dei kor vondt dei verkeleg hadde lukta. —Det stinka heilt grusomt, seier Alina.

— Eg trur ikkje eg har noko spesiell lukt, ler Malin, —for eg kjende i allefall ikkje noko av meg sjølv.

Alina og Malin vaska klede og bada seg ein gong i veka. Dei koka vatn frå brønna, og sidan søstrene ikkje er av dei største, pressa dei seg opp i ei lita balje og skylla vatn over seg frå ei ause.

Oppfølging frå TV 2

Jentene fortel at dei er nøgde med oppfølginga frå TV 2. Då dei var på Farmen var produsenten innom og snakka med deltakarane med jamne mellomrom. Han var opptatt av å høyra korleis det gjekk med kvar enkelt der inne. Det var stort sett berre eit kamerateam der inne, så deltakarane hadde mulegheit til å gøyma seg litt vekk av og til.

Etter ein kjem ut går alt gjennom presseansvarleg, og det er betryggande å vita at ingenting blir trykka viss ikkje deltakarane vil. Noko blir jo vinkla litt rart, så Malin blei litt overraska over å lesa om den "hemmelege" kjærasten sin i Se & Hør.

—eg skjønar verkeleg ikkje kor dei har fått det i frå, seier Malin, som har vore sambuar og kjærast i mange år, utan å ha heldte det hemmeleg.

Total isolasjon

Alina skjønar at det har vore tungt for dei heima og ikkje få vita noko om korleis ho og søstera har hatt det inne på Farmen, men for hennar eigen del har ho vore i ei "bobla" og ikkje tenkt på andre ting enn vekesoppdrag og førstekjempeval.

—Det er som om du ikkje tenker på at det er ei verd der ute, seier Alina. —Ikkje har ein klokke, ikkje veit ein kva vêr det er meldt og ikkje får ein med seg noko som skjer i omverda. Ein er totalt isolert i denne perioda, så det er utruleg tungt når nokon må reisa heim.

Malin derimot, fekk skikkeleg heimlengsel i slutten av veke 2, og Alina måtte motivera henne for å fortsetta. —Eg sakna plutseleg familien min så veldig, seier Malin, så det var tungt! —Det hadde nok vore enda verre om ikkje Alina hadde vore der og støtta meg.

Alina seier —Det er så intenst, så når nokon er vekke, så er dei vekke! Det er ikkje sånn at ein kan ringa dei eller kommunisera på anna vis, så det er som at dei ikkje eksisterar lengre. Ein har jo berre dei folka som er der, så når ein forsvinn er det trist.

Alina og Malin passa på kvarandre på Farmen, og dei hadde sine avtaler seg i mellom. Dei hadde tryggleik i kvarandre, noko som var viktig der inne.

Tankar om det ein har vore med på i ettertid

Det vart rart for søstrene å komma ut av "bobla" dei har vore i, i fleire veker. Når det først begynner å gå opp for dei kva dei eigentleg har vore med på, er det mykje som skal fordøyast. Det er uvant å sjå seg sjølv på fjernsyn og å verta gjenkjend mange stadar synast dei. Dei har prøvd å førebu seg litt på det, men det er ikkje enkelt. Dei legg til at programleiar, Gaute Grøtta Grav, var flink å fortella dei om korleis det kunne vera å komma heim igjen. Dei seier begge to at han var ein utruleg kjekk kar å snakka med, og ei god støtta.

Dei to søstrene angrar ikkje på at dei har vore med på Farmen, og hadde nok valt det igjen. Det var ei fin erfaring, og dei har storkosa seg der inne. Då dei var der inne sakna dei sukker, og snop heile tida, men dei er overraska over kor fort "abstinensar" forsvinn når ein har tilgong på det ein vil ha.

Etterdønningar

Det kjem ein del spørsmål og tilbod frå blad, aviser og tv- program, og det er uvant for dei jordnære strilajentene. Akkurat no skal dei berre landa, og komma seg tilbake i kvardagen sin igjen, og nyta at det beste som kom ut av Farmen opphaldet var at forholdet mellom dei er heilt forandra no, og at dei har fått venskap for livet.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering