Farmensøstrene avslørar ein hemmelegheit

Farmensøstrene avslørar ein hemmelegheit

Malin og Alina Vassnes fekk seg ei morosam overrasking då dei vart kalla inn til intervju.

image
Av: Ann May Storebø

Dei omtala "Farmensøstrene", Alina og Malin Vassnes, satt heime hos mora si, Else Magerøy, å skreiv søknad om deltaking i Farmen. Dette var eit påfunn frå Malin, som tenkte at det var ein fin måte å få bruka tid saman med storesøstera si Alina på. Dei sendte søknaden rett før tida var omme.

Plutseleg innfall

Morgonen etter stod Else Magerøy opp og tenkte på det døtrene hadde gjort kvelden før. Ho fekk eit plutseleg innfall og tenkte at ho og ville melda seg på. Ho visste det eigentleg var for seint, men ho skunda seg å laga ein søknad i "hyrt og styrt", for å få sendt den til TV2 snarast. I pyjamas og med håret til værs, knipsa Else bilete av seg sjølv og la ved søknaden sin. Else tenkte ikkje meir over det heile før den dagen Malin ringte heim i ekstase, over at både ho og Alina skulle få komma til intervju.

Morosamt påfunn

Rett før telefonen frå Malin kom, hadde Else blitt oppringt av eit ukjend nummer. Ho trudde først det var selgarar og hadde difor ikkje brydd seg med å ringa opp igjen, men no byrja ho å tenka på om det kunne vera TV2 som hadde ringt. Ho sa til Malin at ho måtte få ringa opp igjen, fordi ho eigentleg var i ein annan telefon.

Ho ringte og fekk bekrefta at TV2 hadde prøvd å nå ho for å fortella at dei fann både ho og døtrene fascinerande. Ho fekk invitasjon til intervju og ringde oppglødd tilbake til Malin. Då Else forklara Malin at TV2 hadde ringt til ho og, skjøna Malin lite. Ho visste jo ingenting om kva mora hadde funne på, så ho blei sjokkert først og så lattermild. Det var omlag same reaksjonen hos Alina. Ho vart sjokkert, men ikkje overraska over at mora kunne finna på noko slikt, og synast det var eit morosamt påfunn av mora si. Dei fekk seg ein god latter begge to, og var einige om at det var eit gøyt innfall frå mora.

Felles intervju

Else tenkte at kanskje jentene kom til å bli litt snurt over det ho hadde gjort, for dette skulle jo vera deiras opplegg, men det blei dei altså ikkje. Dei synast tvert om at det var kult at dei alle tre skulle reisa på intervju saman. Under intervjuet fekk dei utdelt nummerskilt som dei klistra på brystet. Etter dei var ferdige skulle dei skunda seg heim, og i all hast gløymde dei klistrelappen med nummer på. Dei sprang gjennom Bergen for å finna bilen, kjørte til ferga og ikkje før dei var på veg opp i salongen på ferga oppdaga dei nummerskilta dei framleis hadde på seg. 

Ikkje forventa at TV2 skulle ta kontakt

Det hadde nok vore for mykje  med tre stykk frå ein familie på Farmen, så det var berre Alina og Malin som fekk vera med. Else er usikker på om ho hadde takka ja, dersom tilbodet hadde kome.

—Eg trur nok yngste guten min hadde blitt flau om eg skulle vore med, ler ho, —eg hadde aldri forventa at dei skulle ringa, så eg fekk litt hetta då eg plutseleg vart kalla inn på intervju.

Alina og Malin trur det kunne vore god underhaldning å ha Else på Farmen sidan ho snakkar rett frå levra, og er beint fram heile tida.

Ivrig tilhengar av Farmen

Innspelinga av Farmen er over og Else synast det er godt å ha begge døtrene tilbake i Austevoll. Ho er stolt av jentene sine og synast dei har gjort god figur der inne. Ho kosar seg med å sjå på programmet, og særleg når ho kan sjå det saman med dei, synast ho det er veldig kjekt. 

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering