Fast i fisken

Fast i fisken

I august startar Benedicte Fyllingen (29) opp eit heilt nytt tilbod på Selbjørn.

Av: Marie Mundal

Når Benedicte Fyllingen skulle gifta seg i fjor, ønska ho å bli smalare. Difor drog ho til ein Bailinesalong i Bergen, og testa ut eit skreddarsydd behandlingsopplegg. - Eg blei 40 cm smalare på fire månadar, og brudekjolen sat perfekt. I same slengen forsvann bekkenløysingsplagane eg hadde slitt med sidan eg gjekk gravid og eg blei smertefri, fortel ho. Benedicte vart frelst. Etter å ha flytta tilbake til heimstaden, byrja ho å tenke på å starta opp sin eigen salong og tilby austevollingane å bli fastare i fisken. Draumen vart til virkeligheit, og frå midten av august vil ho tilby vekt-og figurkontroll, lokalisert i det som tidligare vart nytta som Vivema Frisør, på Selbjørn. Ho opnar sin eigen Bailinesalong.

 

Vil hjelpa andre

Bailine har tre hovudprinsipp. Kosthaldsveiledning, mental motivasjon og fysisk aktivitet. Om du vitjar salongen, vil ho skreddarsy eit opplegg som passar til det du ynskjer og er ute etter, fortel ho, og poengterer at det ikkje er ein tradisjonell slankeklubb. - Det handlar ikkje berre om å slanka seg, men om å leggje om heile livsstilen, og lage eit opplegg tilpassa den enkelte. Det som funkar for nokon, funkar ikkje for alle. Den typiske behandlinga foregår frå ei Bailinemaskin, som sender elektronisk stimulering som nyttast på musklane. Men det vil og bli gitt undervisning, motivasjon og oppfølging. - Hovedpoenget er at du skal bli meir bevisst på kva som er bra for deg, fortel ho. Det blir veldig spennande å starta opp, og Fyllingen håpar at så mange som mulig vil prøve det ut.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering