Ferja

MF Trondheim ute av drift

MF Marsteinen har timesavgangar til og frå Halhjem

Av: Ann May Storebø

Sidan i 15 tida i dag har MF Trondheim lagt til kai ved Krokeide og sperra for annan trafikk der. Ferja har trøbbel med roret, og ventar på følgjebåt til å hjelpa seg derifrå. MF Marstein fraktar passasjerane, men er nøydd til å lasta og lossa på Halhjem inntil Trondheim er flytta.

Uvisst kva som har skjedd

Direktør i Fosen Namsos, Grethe Fuglem Tennås synast det er beklageleg at slike ting skjer.

—Det er uvisst kva som har skjedd, men det me veit er at ein komponent i tilknyting til roret er knekt. Roret var skifta i 2012, så det er ikkje teknisk utslite eller gammalt. Det kan vera at dei har treft noko som har lagt å rekt i sjøen, men det har me ikkje noko kunnskap om no.

Timesavgangar til og frå Halhjem

—MF Trondheim merka at det var noko med roret før dei la til kai, og ventar no på hjelp til å forflytta seg, seier Grethe Fuglem Tennås. —I mellomtida er det MF Marstein som går, og det er sett opp timesavgangar enn så lenge. Ferjeturen tar omlag 50 minuttar.

—Trondheim må opp i dokk, men det får dei ikkje gjort før laurdag. Akkurat kortid Trondheim vert fjerna frå Krokeide er enno uvisst, men det jobbast med dette no.

Direktøren seier Fosen Namsos vil komma med oppdaterte trafikkmeldingar etterkvart som dei veit noko meir om situasjonen.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering