Foto: Elin H. Rabben

Fint damebesøk i Bekkjarvik

Mange skuelystne var å kikka på Le Borèal som la til kai på morgonen i dag.

image
image
Av: Ann May Storebø

Det var fleire med bustad i Bekkjarvik som våkna til ein kraftig båtlur i 7-tida på morgonen i dag. Lyden tilhøyrte cruiseskipet Le Borèal, som ville melda sin ankomst i Bekkjarvik.

Le Boreal

Le Boreal er ein 466 fots luksusyacht med plass til 264 passasjerar fordelt på dei 132 lugarane ein finn ombord. Det er 140 mann som jobbar der, og skipet har det meste ein treng for å ha det fint til sjøs. Her finn ein salongar der ein kan oppleva ulike show, kasino, kino, spaavdeling med basseng og treningsfasilitetar, internettavdeling og bibliotek. For dei som vil spela data/ konsollspel er det fullt muleg å gjera det og i eigne rom. Altså litt for einkvar. I tillegg kan ein velga mat frå hovudrestauranten eller grillrestauranten om ein vil ha variasjon.

Ei kjend dame

Skipet som vart bygd i 2010 er eigd av det franske reiarlaget, Compagnie du Ponant, som driv cruisebåtane sine sjølve. Le Borèal er ei kjend dame. Ho vart kåra til "Årets beste nykommar", frå European Cruiser Association då ho vart bygd, og i tillegg er ho sett på tv i serien "Mighty Ships" på Discovery Channel. I dag har altså denne flotte dama tilbragt nokre timar i Bekkjarvik.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering