Fiskefestival

Fiskefestival

Fire- femhundre menneske kosa seg i Stangelandsvågen under årets fiskefestival.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Ann May Storebø

Trass i at det låg tjukk skodde rundt Stolmen på morgonen var det omlag 210 menneske som ville delta på årets fiskefestival. Heldigvis, og nett som bestilt i følge arrangørane, letta tåka kl 11.50. Det var ein del fangsting, og den største i vaksenklassen var på 8,2 kg, og den var det Mads Sekkingstad som halte inn. Største fangst i barne-klassen var det Julie Aarland som sytte for, og den var på 4,95 kg.

Yrande liv

Inne i Stangelandsvågen var det strålande solskin og yrande folkeliv, og ein kunne kosa seg med lappar, hot-dog, fiskesuppa, is og brus i frå ein av kioskane, eller lykkehjul om ein trudde på vinnarlykke. Det var og arrangert palleløp og det var nesten 40 deltakarar som fekk prøvd seg der.

—Me hadde omlag 35 paller som var knytt saman og låg å flaut i sjøen, seier Lars Heine Njåstad som er ein av arrangørane. —I år flaut dei godt, så dei fleste deltakarane kom seg over, og vinnaren, som var Pål Mangor-Jensen, fauk over pallene på 9,2 sekund.

—Me hadde og ein barneklasse, og den var det Irmelin Haugland som vann med sine 10,3 sekund. Det var stor stemning i vågen.

Elias

Elias har vore mange barn sin helt i mange år, og han var så grei at han kom på besøk til Stolmen denne dagen. Ungane som ville, fekk tøffa seg ein tur ut på vågen, og det var stor stas.

Festivitas på kvelden

Det var laga til fest i naustet for dei vaksne på kvelden.

—Det var rundt hundre menneske som kom for å få mat og underhaldning, men det seig på med folk utover kvelden, så nærare 300 menneske må det ha vore totalt, fortel Lars Heine. —Det var stor stemning på naust og kai, og det heil gjekk fint for seg i kontrollerte former. Redningsskøyta låg i vågen fram til kl 23 som ei ekstra sikring.

Det var altså eit vellykka arrangement på Stolmen denne laurdagen, med blide vaksne og blide barn.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering