Flott ungdom mot OL 2016

Flott ungdom mot OL 2016

Jeanette Heggen og Nikolai M. Bjånesøy er saman med 200 andre ungdommar trekt ut til å jobba med Ungdoms-OL i 2016

image
Av: Ann May Storebø

Youth Olypics Game

Youth Olympic Games (YOG), er olympiske leikar for ungdom mellom 15- 18 år, der utdanning og kultur er integrert i OL- programmet. Dette er dei fjerde olympiske ungdomsleikane. Vinteleikane gjekk for første gong av stabelen i Innsbruck i 2012, og i februar 2016 er det Noreg, og Lillehammer som er vertskap.

1100 deltakarar frå 70 nasjonar er venta til Lillehammer i 2016. Organisasjonskomiteen for Ungdoms-OL Lillehammer 2016, skal planlegga og gjennomføra arrangementet saman med nesten 2500 frivillige og funksjonærar.

 

Representantar frå Austevoll

Omlag 200 idrettsungdommar frå heila landet er utvald til å vera av dei første frivillege fram mot YOG. AIK og SIL har plukka ut Jeanette Heggen og Nikolai Medle Bjånesøy som representantar for dei to idrettslaga, og dei vart vidare, saman med Sara Stokken Rott frå Kalandseid, valt ut til å representera Hordaland. Dei tre var med på ei samling i Trondheim, no i september, der dei var 60 ungdommar i alderen 15- 20 år

—I Trondheim var me på eit leiarkurs som gav mykje spennande lærdom om korleis det er å vera ein leiar, seier Jeanette.

 Planlegginga framover

I januar/ februar skal det vera ei ny samling på Hamar. Der skal dei vera med på meir detaljert planlegging fram mot YOG, og ungdommane frå Hordaland veit allereie at dei har fått særskilt ansvar for fakkelstafettane. 

På Hamar skal dei få delta på Idrettsgallaen i tillegg til kursing og planlegging, og det ser dei fram til.  

Jeanette og Nikolai har ulike tankar om kvifor dei ville delta på dette. Jeanette fortel —Eg har alltid likt OL, og synast dette høyrtes spennande og interessant ut, medan Nikolai seier —Eg synast det høyrtes kjekt ut, tenkte det var ein fin måte å treffa nye folk på og at det vil vera attraktivt på ein CV.

—Vegen fram mot Leikane på Lillehammer er ikkje spikra enda, men me skal møtast jamleg fram til februar 2016, seier Jeanette.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering