Focus Quartet

Focus Quartet

Etter femten år har kvartetten Focus Quartet beslutta å avslutta gruppa.

Av: Ann May Storebø

Dei tre brørne Terje, Jan Tørres og Per Nordstrand har synge saman i "alle år", og dei siste femten åra har dei synge saman med bassen Terje Haveland i gruppa Focus Quartet. Dei har fått opplevd mykje saman, og det er med tungt hjarte dei no har beslutta å avslutta dette.

—Det er litt rart å sei at Focus ikkje er meir, for me har halde på i femten år, fortel Per Nordstrand. —Me har fått driva med noko som eg trur alle me fire synest har vore utruleg kjekt, men no er tida mogen for å avslutta Focus og sjå framover.

Fleire høgdepunkt

I løpet av desse femten åra har Focus gjort spennande ting saman.

—Noko som har vore ein enorm vitamininnsprøyting, og veldig lærerikt for oss, er samarbeidet me har hatt med den amerikanske pianisten og solisten Brad White, fortel Per Nordstrand. —Me har vekst veldig på dette, og det har vore spennande og kjekt å jobba saman med han. Då me byrja å høyra på amerikansk kvartett-gospel var kvartetten The Blackwood brothers ein av våre favorittar. Dei var også hans favorittar, og han reiste over heile USA som fast pianist for denne gruppa i meir enn 15 år.

Med felles interesse på plass var det ikkje vanskeleg for Focus-gjengen å lokka han til Norge og til eit musikalsk samarbeid.

—Det samarbeidet har vore toppen for oss, og konsertane i lag med han har fått oss til å pusha oss litt, og gjera ting annleis enn me ville tenkt sjølv, seier Per.

Plate i Nashville

For å få skikkeleg sørstatsgospel må ein til Nashville, og då Focus var der å laga plate fekk dei enda eit høgdepunkt i karriera si.

—Dei beste musikarane held til i Nashville, og då me kom der fekk me treffa og spela med gamle heltar og dyktige musikarar.

Første gongen turen gjekk til Nashville for å spela inn musikk var i 1998. Dette var før Focus si tid, og då var det "Brødrene Nordstrand" som var på tur.

—Me er faktisk så gamle at me har vore med å spela inn kassett, humrar Per. Men det var før USA-turen. —I 2007 reiste me attende til Nashville, denne gongen som Focus Quartet. Då laga me vår siste plate, med samme produsent som i 1998, Ben Speer. Han er ei legende innan kvartett-gospelen, og har vorte ein god venn av oss.

—Har ein først vore i Nashville og høyrt på kvartett-gospel er det ikkje lett å reisa andre plassar, for dei beste er der, seier Per. —Det er stas og veldig kjekt at me har hatt desse turane og opplevingane der.

Konsertar

Focus har hatt mange konsertar og sangoppdrag saman.

—Me har kanskje hatt 10-15 konsertar og sangoppdrag i året dei siste femten åra, seier Per, som kjapt reknar seg fram til omlag 225 konsertar som Focus Qrt.

Avsluttar Focus

Per kjente på at han hadde gått seg litt fast og at det kanskje var greit å gje seg med Focus etter desse femten åra. Då gjengen samla seg og han tok opp dei tankane han hadde, kom det ikkje som noko stor overrasking på dei andre, og det var fleire enn han som følte på det same. 

—Me hadde eit par kveldar der me snakka gjennom ting, og då me kom fram til at me skulle gje oss, var det ein veldig tung beslutning å ta. 

—Trur ikkje det er uvanleg at ein kjem til eit punkt der det er nok, og ein vil gjera noko nytt når ein er i ei slik gruppe, seier Per. —Det kan vera vanskeleg å finna inspirasjon, og då er det gjerne greit å avslutta. Me har hatt femten gode år i lag, og me har fått gitt mykje av oss sjølve. 

—Terje (bass) kjende det annleis, og synast det var trist at Focus-tida var slutt. Han såg attende på kjekke turar, kjekke øvingar, fine konsertar, og sa at tida i Focus var det kjekkaste han hadde vore med på i «godt vaksen alder».

—Då beslutninga var teken mimra og kosa me oss, og til tross for at det var ein vanskeleg og tung kveld, var det faktisk og ein kjekk kveld. Me har alltid likt å vera i lag. 

Legg ikkje songen på hylla

Per seier at han og brørne nok kjem til å fortsette å synge saman.

—Eg trur nok at me brørne kjem til å synga vidare som trio. Me er så tett på kvarandre, me har alltid halde saman, og dette har me alltid drive med. Hadde me ikkje vore brør hadde me gjerne ikkje fortsett, men me har alltid sunge i lag, og det kjem me nok til å gjera i framtida og. For oss tre er det nesten litt utenkeleg å legga ned denne arven me har fått etter mamma, seier han.

—Me har hatt det fantastisk kjekt i lag med Terje, og me har oppfordra han til også å halda fram med å synga. Av og til må ein gjera noko nytt, og det kan gjerne kjennast som om ei dør vert lukka. Då opnar det seg ofte ei ny, og nye og spennande moglegheiter dukkar gjerne opp.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering