Ising ombord. Foto: Asle Birkeland

Første båt med knekkemaskin

Snøkrabbefiskeriet er knallhardt, og Northeastern gjer grep for å forenkla arbeidet ombord.

image
image
image
Av: Ann May Storebø

Båten Northeastern frå Storebø har som første båt fått installert automatisk knekkemaskin og sorteringsbord i fabrikken. Ombygging av fabrikkar fører ofte til justeringar etter at ein har fått testa ut dei forskjellige komponentane, og no ligg båten i Tromsø og gjer akkurat det. Demonstrasjonsvideo av knekkemaskina ligg øverst i saken.

Effektiv drift

—Ombygginga er ein del av ein pågåande prosess for å effektivisere drifta, slik at eit mindre mannskap skal kunna gjera ein betre jobb enn tidlegare, fortel Asle Birkeland som er skippar ombord. —Krabbefisket er knallhardt arbeid, døgnet rundt, kvar einaste dag ein er ombord. Alle nyvinningar som minskar den manuelle arbeidsbyrden må difor vurderast. 

Fangst i Smutthullet

Fisket etter snøkrabbe foregår for det meste nord for 75graden i internasjonalt farvatn i Barentshavet, det såkalla Smutthullet. Det er omlag 15-20 båtar frå Russland, Litauen, Spania og Norge, som fiskar snøkrabbe i dette området no.

Dårleg ver

—Året så langt ber preg av mykje uvær, og dei to siste månadane har det vore ein del ising, seier Asle Birkeland. —15 grader celsius og sterk kuling gjer omlag 30 effektive kuldegrader, og då legg isen seg raskt på skuta. No ser me fram mot lysare og varmare tider i Barentshavet, og håpar at fangst-raten skal ta seg opp i takt med at det vert fleire soltimar i døgnet. 

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering