Spor etter 18 åringen ned til sjøen. Foto: Privat/ google maps

Forsvunne 18 åring

Fredrik Johannessen Lie forsvann etter ei bilulykke på torsdag og er enda ikkje funnen.

Av: Ann May Storebø

Fredrik Johannessen Lie har vore sakna sidan torsdag morgon etter ei bilulykke på Ekerhovd på Sotra. Då politiet kom til staden var attenåringen forsvunne. Torsdag kveld vart det starta leiteaksjon, og over femti personar frå politi, Røde Kors, Norske redningshunder, og sivilforsvaret var med i leitinga. Laurdag var over 180 menneske med å leita.

Spor mot sjøen

—Me har søkt med båt og hund, utan resultat, sa operasjonsleiar Preben Wallestad frå Hordaland politidistrikt til Aftenposten torsdag. —Redningsmannskapa har gått manngard nord på Tyssøy og på holmar mellom Bjorøy og Liaskjæret. Det var spor frå ulykkesstaden, ned til eit naust, og det vart søkt med ekkolodd i sjøen der, i tillegg til at det var båtar som har vore å leita i området rundt.

Søkt med mini-ubåt

I BA i dag kan ein lesa at det vart gjort søk med mini-ubåt i områda rundt der ulykka skjedde frå det lysna på morgonen i dag, og til det mørkna i ettermiddag. —Me har ikkje funne den sakna så langt, og me avsluttar søket foreløpig, sa Kjersti Eidsnes, operasjonsleder ved Hordaland politidistrikt til BA. Politiet meinar det kan vera muleg at han ligg i sjøen.

Leitar i Austevoll

Den sakna har vore elev ved Austevoll vidaregåande skule i to år, og i dag har blant anna kontaktlæraren hans frå ungdomsskulen, Lena Knutsen Leigre, vore i Austevoll å leita etter han. Ho og ei skulevenninne av sakna har sjekka rundt skulen, samt i campingvogner og på kaiar. Dei har snakka med folk i kommunen her, om at dei må spreie ordet om å sjå etter han, og sjekka naust og hytter rundt om. Melding har blitt sendt til rektor, med oppfordring til å spreie dette på heimesida til skulen.

—Ein sluttar aldri å bry seg om elevane sine, seier Lena Knutsen Leigre. —Heile lokalsamfunnet er prega av dette, og ein blir desperat til å få hjelpa til, og gjera noko.

Alle som kan ha opplysningar i saka vert oppmoda til å ringa 112 snarast.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering