Full rulle på fotballskulen i Austevoll

Full rulle på fotballskulen i Austevoll

 Brannspelarane Jakob Orlov og Kristoffer Larsen vitja torsdag fotballskulen til stor glede for engasjerte fotballspirer.

Av: Ole Andreas Drønen

Det var stor oppslutning av deltakarar under andre dag av Tine fotballskule på Eidsbøen. Grasmatta var full i entusiastiske born som lærde seg tips og triks for å forbetre fotballferdigheitane sine.

Me har ca 190 påmelde, og det er veldig stabile tal frå år til år fortel Stig Storebø.

Stor entusiasme

Det mangla ikkje på innsatsen til dei mange oppmøtte, og med gode instruksar frå trenarane triksa deltakarane seg att og fram i det mindre eksotiske sommarklimaet på Eidsbøen. Blant høgdepunkta med fotballskulen var det fleire som meddelte at det var knallgøy å spele fotball, men at det kjekkaste var å plage trenarane.

Det vakte uro blant den eine gruppa med born då dei fekk beskjed om at dei under eine øvinga kun skulle nytte seg av venstrefoten i ei skotøving. Denne frustrasjonen var det fleire fra gruppa som tok ut i form av solide taklingar på trenarane.

Det er ikkje alltid lett å halde styr på dei når det er 22 stk som er fordelt på to trenarar, men det er veldig gøy, seier trenar Joachim Bjånesøy. 

Bjånesøy var ein av nøkkelspelarane då Brann vant junior-NM i november i fjor. Han er ein av fleire fotballtalent frå Austevoll, og truleg er fotballskulen ein viktig brikke for å kunne starte interessa for den populære sporten i tidleg alder.

Goodiebags

Alle som deltar på fotballskulen har fått utdelt t-skjorte, fotball og ryggsekkar. Dette slo godt an blant fotballspirene, og mange viste stolt fram dei nye tinga sine til underteikna i det lunsjen nærma seg på Eidsbøen. Det var spesielt ei som vart glad då det var tid for lunsj på fotballskulen.

Eg er svolten, eg er tørst, eg er trøtt var det ei som utbraut engasjert midt under eine kampen i det ho sentra ballen over til ein medspelar. 

Brannstjerner på besøk

Det er blitt årleg tradisjon at brannspelarane besøker ulike fotballskuler i Hordaland, og midt i eit travelt kampprogram var det også i år representantar frå klubben som stilte opp dagen etter at dei rauk ut av cupen mot Sarpsborg 08. Kven av spelarane som kjem, blir avgjort gjennom ei trekning som skjer internt i branngarderoben. I år var det Kristoffer Larsen og Jakob Orlov som trakk det lengste strået og fekk Austevoll som reisedestinasjon. Dette til stor jubel frå borna på Eidsbøen.

Dei to spelarane fekk bryne seg på fleire ulike leikar med ungane, og det blei også rom for ein intern konkurranse der det blei avgjort kven av dei to proffane som klarte å skyta ballen høgast i lufta. Jakob Orlov og Kristoffer Larsen seier at det alltid er kjekt å reise rundt på fotballskulane. Dei fortel videre at det er hyggeleg med eit  avbrekk frå tett kampprogram for å besøke dei unge, lovande «kidsa». Larsen, som fleire gangar har spelt mot Austevoll i sine yngre dager, meiner det beste tipset for å bli ein god fotballspelar er å trene mykje på eigehand. Brannspelaren legg til at det er viktig at ein tykkjer det er kjekt å spele. 

Hvis ein ikkje syntest det er gøy, så er det vanskeleg å bli god, poengterar han.

Fotballskulen går i morgon inn i sin tredje og avsluttande dag, og alt ligg til rette for at også dette skal bli ein minnerik dag for dei unge, håpefulle deltakarane.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering