Svein Blænes, Johannes Veivåg, Peder Vassnes, Odd Fauskanger, Knut Klepsvik, og Jan Rabben kosar seg med dikt, mimring og historiar på Herreklubb. Foto: AMS

Herreklubb på PO

Hallvard Møgster underhaldt til glede for fleire mannlege bebuarar i dag.

image
image
Av: Ann May Storebø

Kvar månad er det ein del aktivitetar ein kan vera med på, på PO senteret, og ein av dei er dame- eller herreklubb. I dag var det karane sin tur, og i dette høvet fekk dei besøk av Hallvard Møkster som har god formidlingsevne og ein engasjerande måte å dela kunnskap om kommunen, fiskeri, dei ulike bygdene i kommunen før i tida og no, båtbygging og saugehald. 

Jakob Sande

Det var stor stas, latter og moro då Hallvard Møgster fortalte om Jakob Sande og framførte fleire av dei kjende dikta hans med innleving og humor. Dei seks herrane, som hadde valt å ta turen inn i hovud-daglegstova i dag, var tydeleg kjend med dikta dei fekk høyra.

—Simon og katten har eg heima i ei bok, seier Odd Fauskanger, som mumlar med på diktet når Hallvard fortel, og ler godt undervegs i historia. Det blir like mykje lått når Hallvard fortel om han som aldri meir skal gå på fylla etter eit kalas: Trur eg...

Hallvard kan dikta på rams, og det er jo forståeleg når ein tenker på at han har høyrt dei nokre gonger.

—Eg har likt å lesa Jakob Sande i 65 år no, heilt sidan eg var femten, humrar han. —Så desse kan eg på rams.

Mange fine damer

Peder Vassnes er og kjend med Sande, men han er og litt opptatt av andre ting. Etter at han fortalte litt om korleis han har drive båtbygging nede i "Slurkjen" i Kolbeinsvik, og at han har hatt sauger i alle år, hinta han om at han likar seg godt på PO.

—Me har no så mange fine damer her, så her kan eg no visst berre vera, skrattar han.

Gler seg til slike aktivitetar

Dei blide karane er godt nøgde med at det skjer litt på huset, og fortel at over helga er det Karl Olav Kalvenes som vil komma å underhalde dei.

—Karl Olav Kalvenes kjem kvar mandag, seier herreklubben, som er opptatt av, og glad i musikk. —Han spelar så fint til oss. Herreklubben byrjar å nerma seg ein ende, men framleis er det tebrød og kaffi som dei kan kosa seg med.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering