Brann på Knivhaugane. Foto: tilsendt

Hus i full fyr på Storebø

Klokka 06.17 i dag morges kom det melding om husbrann på Storebø. Brannen er no under kontroll, og det jobbast med etterslokking.

image
image
image
image
Av: Ann May Storebø

Klokka 06.17 blei det meldt om overtenning i eit bustadhus som ligg på Knivhaugane på Storebø. Brannvesen, ambulanse og politi rykka alle ut på trippelalarmen som kom. 

—Klokka 06.34 fekk me melding om at det var full fyr, sier operasjonsleiar Preben Wallestad i Hordaland politidistrikt til bt.no. —I ein periode trudde ein at det kunne vera fare for spreiing pga vind i området, men det var fjorten mann som dreiv slokking og dei fekk kontroll på brannen i tide.

Brannvesenet var på staden berre halvanna minutt etter at meldinga om brannen kom. 

Alle ute av huset

Ein leigebuar som bur i kjellaren i huset er ført med luftambulanse pga brann- og røykskader meldte politi og brannvesen. Det var han som ringte naudsentralen. Det vart meldt at alle som befant seg i huset var ute klokka 06.36, rett før brannvesenet kom til staden. Familien som bur der er innlosjert hos ein nabo.

Omfattande skader på huset

—Skaden er ganske omfattande og total, fortel brannsjef John Levy Weløy. —Det brenn fortsatt litegrann inni bygget, men situasjonen ser ut som den under kontroll. Alle har kome seg ut og det er kun materielle skadar det er snakk om. No er det litt etterslokking og brannmannskapen prøver å trekka litt inn i bygget for å slukka det bålet som er der inne no, seier han.

Brannårsak ikkje fastslått

—Det er litt tidleg å fastslå brannårsak enda, seier John Levy Weløy til Austevollingen. —Politiet startar etterforskning når det er forsvarleg å gå inn i bygget. Me samlar no mannskap, politi, legar og ambulanse for debrief på brannstasjonen.

 

Saka blir oppdatert.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering