Ironman

Ironman

Allan Lund er godt nøgd med arrangementet i Haugesund denne helga.

image
image
image
image
image
Av: Ann May Storebø

Over 1.700 deltakarar hadde meldt seg på den fjerde Ironman- konkurransen i Haugesund, og Allan Lund var ein av dei. For to år sidan var han deltakar for første gong, og frå då til no har han betra tida si med omlag 20 minuttar. Målet hans er å gjera ein heil Ironman på under tolv timar. Rekorden hans i dag er på 12.28.

Halv Ironman

I år var nærare halvparten av deltakarane ferskingar, som deltok i konkurransen for første gong. 1.900 meter med svømming, 90 kilometer sykling og 21,1 kilometer springing er det ein må gjennomføra i konkurransen som er ein såkalla halv Ironman. 

—Eg kjenner eg er litt slapp no, seier Allan Lund etter gårsdagen. — Litt tung i kroppen og stiv i beina. No er det berre tre veker sidan eg hadde ein heil Ironman-konkurranse, og ein skal eigentleg ha seks til åtte veker restitusjon før ein deltar i ein slik konkurranse igjen etter noko slikt, så det sit nok litt i kroppen.

God støtte

Mellom første deltaking i Haugesund for to år sidan, og denne som var no i helga, har Allan vore med på fire heile Ironman. Tre av dei har vore i Danmark, og ein i Tyskland. Det tar ein del tid å vera så aktiv, og Allan rosar kona for at han kan gjera dette.

—Astrid har sagt at det er greit og ho tar i eit ekstra tak når eg heldt på, fortel han. —Ho er med på alle konkurransar og er ei god støtte, og det må ho vera for at dette skal fungera. Når eg syklar forbi ho kan eg få gitt ho ein slengsuss, og når eg spring får eg ein suss som er med å drar meg vidare den neste runden. Det er utruleg godt og motiverande å ha ho der. 

Ironkids

Også dei to eldste ungane til Allan synast det er spennande med Ironman, og i går deltok Sindre (12) på Ironkids for første gong. 

—Sindre er heilt gira og snakkar om at han vil gjera det igjen, fortel Allan stolt om sonen som svømte 200 m, sykla 3 km og sprang 1.2 km. —Han har øvd seg på svømming i svømmegruppa, og det går fint.

Triathlon 

Svømminga er ofte den som er tyngst i triathlon, men det er mange flinke svømmarar her i kommunen no etterkvart, så det er mange som kan bygga vidare på noko her om dei ønskjer. Det er ei avdeling av Austevoll sykkelklubb som kallar seg triathlon klubb, men det er veldig få som er med der, seier han. 

Sjølv om det er fleire som driv med dette her ute, trenar dei fleste kvar for seg.

—Det må passast inn med familien og kvardagen, så det er vanskeleg å koordinera den store treningsmengda mellom alle, seier Allan. —Eg trenar omlag ti-tolv timar i veka når eg trenar mest. 

Lite svømming i år

For Allan sin del gjekk det best med syklinga i dag, men førre gong var det springinga som var lettast.

—Eg har fått ny og god sykkel, så det gjekk veldig bra med syklinga denne gongen, men det varierar litt. Eg har aldri treft nokon som er knallgod på alle dei tre øvingane, men mange som er litt god på alt. 

Allan har trent ein del både springing og sykling, men svømminga har det blitt litt mindre av i år. For det første har det vore veldig kaldt i sjøen i år, og for det andre så synast han det er lite motiverande og kjedeleg å trena svømming i det litle bassenget me har heime. Han gler seg til betre forhold når det nye bassenget er klart.

Tre, eller faktisk fire, disiplinar.

Det er ikkje berre å sykla, svømma og springa for å delta i slike konkurransar. Ein må og ha ein matplan som ein følger for å få i seg nok kaloriar til å kunna gjennomføra.

—Ein brukar fire- fem tusen kaloriar under ein slik konkurranse, men ein klarer berre å fylla på med omlag tusen. Magen vert litt i ulage av all kunstig energi, som sukkervatn og gelêar den har vore mata med ei stund, og det sit litt i kroppen. No har eg vore å hatt eit herremåltid på McDonalds, flirer Allan, som no driv å fyller på igjen. 

Bra arrangement i Haugesund

Allan rosar Ironman-konkurransen i Haugesund opp i skyene.

—Haugesund har eit fantastisk folkeliv og er ein av dei plassane eg har vore som har flest folk som står å heiar på oss i alle øvingane. Det er ikkje berre masse folk som står rund løypene, men og naboar som set opp kaffibord og sit å heiar rundt om. Det er veldig kult. Dei 5-600 frivillige som er med på arrangementet er hyggelege, greie og flinke folk, og det er eit stort engasjement i byen.

Neste utfordring

Allan kjem til å fortsetta med dette, og på agendaen no står ein konkurranse på seinsommaren.

—Eg trur det er andre veka i august det skal vera ein liten konkurranse ute på Sotra, men dei held og på å starta opp ein større i Øygarden så nå må eg kjenna kva som passar best for kroppen min. 

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering