Knallhard NM-løype

Knallhard NM-løype

Ole Andre og Roger har gjort unna sesongens siste løp og skal no lada seg opp før trening i Italia.

Av: Ann May Storebø

Ole Andre Austevoll og Roger Dale har begge vore deltakarar på landevegsrittet i NM-sykling i dag. Dei klarte seg veldig bra fram til halvkøyrt ritt då det beste laget sprengte Joker feltet.

—Det var tre store grupper, med Ole i andre, og meg i den tredje gruppa, fortel Roger Dale. —Etterkvart blei det for stor avstand fram til brotet, så mi gruppe blei tatt ut etter 100 km, og Ole si gruppe etter omlag 160, av dei totalt 180 km av rittet.

Knallhard løype

NM løypa er den hardaste som har vore på fleire år i følge fleire av syklistane som har vore med i dag.

—Det er ingen tvil om at dette var eit ritt for klatretypane, og kun atten av dei 190 som starta fekk lov å fullføre, seier Roger Dale til Austevollingen. —Ole Andre var skuffa over å ikkje henge med dei beste, noko han vanlegvis har kapasitet til å gjera, men i dag hadde han ikkje dagen til det.

—Eg er ikkje noko klatregeit, så målet mitt var å komme med i brotet, noko som eg nesten lukkas med, seier Roger.

Snart klar for ny sesong

—No er vårsesongen endeleg over, og Ole har køyrt veldig godt heile den gjennom. Eg har trent for hardt og slit med overtrening. No ska me ha ei veke heime i øyparadiset og lade batteria før me reiser på to vekers treningsleir ved Gardasjøen i Italia 8. juli. Det blir nydeleg før starten på ein tøff haustsesong, avsluttar Roger. 

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering