Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

-vert anmeldt for skadeverk.

Av: Ann May Storebø

Ein mann i 20 åra er anmeldt for køyring utan gyldig førarkort. Han vil også bli anmeldt for skadeverk etter at han har køyrt inn i nokon andre.

—Me vart oppringt av han som eigde det som var køyrt inn i, i 18-tida på laurdag, fortel politibetjent Ole Petter Selheim ved Austevoll lensmannskontor. —Då me oppsøkte han fann me ut kven det var som hadde gjort det, og kunne få tak i sjåføren og konfrontera han med hendinga. Han har fått utsetting på å få ta sertifikat.

Mange påverka sjåførar

Sjåføren av denne bilen var ikkje påverka av noko, i motsetnad til andre ein kan finna på vegane her ute.

—Me har ein høg andel påverka sjåførar som vert tatt på vegane her ute, fortel Ole Petter Selheim. —Folk er flinke til å ringa politiet med mistanke om slikt, og det er veldig bra. Me prøver å stoppa alle bilar me veit om, og berre i år er det mange som er tatt.

—Me oppfordrar folk til å fortsetta å ringa inn til oss, slik at me kan få luka dei vekk frå vegane.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering

EM Landeveg

EM Landeveg