Kunstsymposium

Kunstsymposium

Denne veka kan ein treffa ulike kunstnarar i Hengjo, så om ein vil sjå korleis ein ekta kunstnar jobbar bør ein ta turen der.

image
image
image
Av: Ann May Storebø

For tredje gong vert det arrangert kunstsymposium i Austevoll, og i Hengjo i Bekkjarvik kan ein gå å få treffa kunstnarane medan dei arbeidar på kunstverka sine, som skal "loddast ut" på laurdag.

Kunstsymposie

Kunstsymposie i Austevoll har vore arrangert to gongar tidlegare, i 2012 og 2013. Konseptet er at ulike kunstnarar vert invitert til å kome til Austevoll med ubrukt materiale, for å produsere to kunstverk kvar, inspirert av naturen og menneska i kommunen. Dei ferdige produkta vil fordelast på sponsorar og Austevoll kunstforening gjennom ei trekning på laurdag. 

Kunstnarane som er med har også med seg eigne bilete, som heng til utstilling på Bekkjarvik torg, så der er det muleg å nyta kunsten, og kjøpa med seg noko heim om ein finn noko ein ikkje kan gå forbi. Maleria skal henga der heile veka.

Førre gong symposiet vart arrangert i Hengjo var i 2012, og den gongen var det kunstnarar frå Europa som var invitert. I 2013 var det arrangert på Marsteinen, og kunstnarar frå New York var deltakarane. I år kjem kunstnarane frå Bergen, New York, -og Austevoll.

Kyrre Møgster

30 åringen Kyrre Møgster har stor familie i Austevoll, men då han var sju år flytta han frå Stord til New York. Han har ikkje budd i Austevoll, men har vore her mange somrar av livet sitt, og han synast det er kjekt å komma heim. No står han i Hengjo og jobbar med eit fargesterkt maleri av bestemora si.

—Eg likar å mala her i den fuktige og kalde lufta, for det gjer at det er lett å kunna jobba med fargane lenge. I New York tørkar ofte malinga til dagen etterpå, medan her kan eg blanda og jobba med dei i eit par dagar, fortel Kyrre Møgster.

Kyrre har bekjente som har gitt han oppdrag med å produsera kunst til dei.

—Eg har fått fleire mulegheiter her ute gjennom familie og vener, fortel han. —Eg har blant anna hatt oppdrag med å utsmykka nokre båtar her ute, så eg er heldig og veldig nøgd med det. Det er ikkje alltid lett å vera kunstnar, og det har vore utfordrande å betala husleiga nokre gongar.

Ulike utfordringar 

Torild Stray jobbar i New York og miksar natur, figur og by til noko som ho kallar scapes. Ho har finne seg til rette i Hengjo, og synast det er givande og interessant å jobba slik.

—Det er ein del praktiske ting å ta omsyn til, som vind, og kor eg kan plassera alle tinga mine medan eg jobbar, seier ho, — og så er det tekniske utfordringar med å henta informasjon frå det som er her, og transformera det utan å kopiera dei som eg har rundt meg. Det er utfordrande og spennande.

Nokre som og har støtt på utfordringar, men då av ein annan sort er Anki King og John Mitchell. Reisa frå New York gjekk ikkje som planlagt, og det endte med at dei ankom Flesland nærare to dagar etter dei skulle, og då utan bagasje. Å gå å kjøpa seg litt undertøy og nokre tannkostar er ikkje så vanskeleg, men å produsera kunst utan eige utstyr er verre. 

—Me håpar bagasjen kjem i morgon, for det er fortvilande å ikkje ha dei tinga me er vane med å ha når me malar, seier Anki King, som første dagen måtta improvisera litt med litt diverse utstyr.

Sponsorar

Jostein Blænes er formann i Austevoll kunstforening, og har vore pådrivar for å få til dette. Under den offisielle opninga takka han sponsorane som gjer det muleg å få dette til.

—Kvar kunstnar får ein gasje til å dekka kjøp av litt materiale, fortel han. —Dei får kost og losji, og på laurdag vert det arrangert ein festmiddag der me samlar kunstnarane og sponsorane på Bekkjarvik gjestgiveri.

—Eg håpar mange folk vil kome innom å få med seg dette i løpet av desse dagane, og andre bilete som kunstnarane har med seg, heng inne i "sildekummen" på torget, så der kan ein gå å sjå eller kjøpa bilete om ein vil.

Ein kan gjera seg betre kjend med kunstnarane ved å ta turen til Hengjo å snakka med dei, eller lesa litt om dei i dei ulike linkane under her.

Torild Stray

Marianne Skjelbred

Kyrre Møgster

Bjørn Wefring

Anki King

John Mitchell

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering

EM Landeveg

EM Landeveg