Kven får ti tusen kroner?

Kven får ti tusen kroner?

Austevoll Asfalt vil dela ut pengar til ein av bedriftane i kommunen.

Av: Ann May Storebø

Det er stor aktivitet på facebook i dag etter at Preben Jensen fekk eit plutseleg innfall og annonserte at bedriften hans, Austevoll Asfalt, vil støtta ein lokal bedrift med ti tusen kroner. Han har bedt om tips til kven det bør vera som skal få desse pengane, og at det er mange som har meiningar om det kan ein tydeleg sjå.

Mange engasjerte 

Statusen Austevoll Asfalt la ut på profilen sin idag er delt mange gangar, og spreier seg enno. Mange har kome med tips om kven dei tenker treng eller fortener nokre ekstra kroner, og Preben Jensen er svært nøgd med engasjementet.

—Me veit at det er mange bedriftar og foreningar som gjerne skulle hatt meir midlar, og då vil nok ti tusen kroner kome godt med, fortel Preben til Austevollingen. —Me har hatt eit godt år så langt, og då skulle det berre mangle om me ikkje skulle kunne gje noko tilbake til lokalsamfunnet. Det er jo mange spennande bedriftar og lag her ute, også nyetablerte, så dette kan kanskje vera ein liten bonus etter ferien.

Skal kåra ein vinnar

—Eg vil personleg gå gjennom alle bidraga som kjem inn, og den eg føler treng pengane mest vil motta ein sjekk på dei ti tusen 7. august, seier Preben. Det er mogleg at eg vil trenga hjelp til å kåra den heldige, men det tar me etterkvart som me ser kor mange bidrag som kjem inn, smiler han.

—Det ser absolutt lovande ut no i allefall.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering