Politiet fann omkomen mann i sjøen i går. Ill. foto frå Bjånesøy: AMS

Mann funnen i sjøen på Storebø i går

Ein mann i tredveåra vart i går kveld funnen omkommen i sjøen ved Bjånesøy.

Av: Ann May Storebø

Den omkomne vart meldt sakna litt ut på dagen i går, då venner av han ikkje hadde fått kontakt med han sidan kvelden før. Det var ikkje starta noko formelt sakna-søk, men politiet var ute å leita etter han på kvelden i går. I går kveld fann dei han omkomen i sjøen inne i Bjånesøy, i nærleiken av der han sist vart sett.

Politiet veit ikkje kva som har skjedd.

—Det kan vera drukning, men det er tidleg å fastslå noko, seier politi Ole Petter Sælheim. —Sidan ingen har fått med seg kva som har skjedd må det gjerast ein del rutinemessig etterforsking før noko kan fastslåast. Dei pårørande har no blitt informerte om den tragiske hendinga.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering