Foto: Møkster Maraton

Maraton + Jan = sant

Påmeldinga til eksotiske Møkster Maraton er i gang.

Av: Marie Mundal

På den vesle øya Møkster kan du 1. august springa eit av Noregs mest eksotiske løp, når Møkster Maraton arrangerast for fjerde år på rad.

Påmeldinga til anten fullmaraton (4,2 mil) eller Nautisk maraton (rett under 8 km), er godt i gang fortel eldsjel og arrangør, Mona Mørk.

- Det nærmar seg 40 påmelde til fullmaraton, og ein god del til det mindre løpet. Dei som melder seg på kjem ofte i to puljer, dei som bestem seg i god tid, og dei som ser an været og bestem seg to dagar før. Men alle møter opp, anten det er meldt flaum eller storm, fortel Mørk.

Oppleving

Løpet er ei oppleving utanom det vanlege, då det går over mark og veg, gjennom gamle gardstun og på traktorspor, heilt ytterst i havgapet. Det har kvart år vore fleire kjente løparar med frå heile Noreg, som mellom anna Inge Asbjørn Haugen frå Hornhindal, som har ei merittliste på 500 Maraton. - Alle slags folk hiver seg med, fordi det er annerledes, og ikkje berre konkurransen som er i fokus, seier Mørk.

Eggum på Pakkeriet

Arrangørane har etter fire år, fått digital tidtaking, som gjer arbeidet mykje lettere. Løpet har blitt ein folkefest og tradisjon, og alle dei 62 fastbuande på øya, hjelper til og bidrar med dugnadsarbeid.

I år har møkstringane og fått tilgang til eit lokale som Møkster VEL har kjøpt, kalla «Pakkeriet», med eigen kai og kapasitet til 500 personar. Det er her utekonsert- og kveldens underhaldning, med visesongar- og artigkar, Jan Eggum vil finne stad.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering