Moods of Design

Moods of Design

Silje Blix vil satsa på utdanninga og kreativiteten sin og startar no nettbutikk med showroom og konsulenttenester.

Av: Ann May Storebø

Silje Blix er utdanna hud- og spaterapeut og i 2008 dreiv ho salongen Timeout på Storebø. Etter eit års tid måtte ho gje seg då ho utvikla allergi, og ho sette seg på skulebenken igjen. Ho har også vore innom økonomi, men draumen var heile tida å få jobba med noko kreativt. Særskilt interiørdesigner verka forlokkande, men av frykt for ikkje å kunna driva med det her ute hadde ho valt annleis tidlegare. Då ho fekk ein ny sjans til å tenka på kva ho ville driva med, våga ho å satse på draumen sin, og no gler ho seg til å få nytta utdanninga si.

Moods of Design

—Moods of Design skal vera ein nettbutikk med fokus på interiør, møblar og barneklede som får ein i godt humør, fortel Silje Blix til Austevollingen. —Eg skal ha eit "showroom" i tillegg til å driva kontor med konsulenttenester, og ynskje er at eg med tida kan tilsette folk til butikkdelen medan eg sjølv vil få betre tid til å levera konsulenttenester.

Silje har ein del ting som enno ikkje er heilt på plass, og i starten byrjar ho med å selga interiør. 

—Til våren igjen vil eg tilby barneklede også, seier Silje, men eg kjem ikkje til å ta inn produkt som finnast i kommunen i dag.

Inspirasjon

Silje har vore på turar i utlandet, og messer i Paris og Stockholm, der ho har finne fram til leverandørar som kan tilby det ho vil ha.

—Dette vil vera ein nisjebutikk som i allefall eg ikkje har sett makan til, og produkta som vert seld vil vera passande til konseptet, seier ho. 

Oppstart

I midten av august byrjar dei to minste barna i barnehagen, og Silje har full innspurt før oppstarten som ho meinar kan verta i slutten av september. Ho har ikkje bestemt seg for kor ho vil drive i frå enno, men ho har eit par lokaler som er tilgjengelege i kommunen.

—Det er ein draum å få driva med det eg elsker og er utdanna som, samstundes som eg slepp å flytta frå kommunen, seier Silje, —for det vil eg jo ikkje! Ho gler seg over at ho i dag har fått første sendinga med varer, og gler seg til å komma i gong.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering