FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Etter sju etappar var det "Hyggen", med Andreas Martin Iversen ombord, som vant det gjeve gullet.

Av: Ann May Storebø

I helga arrangerte Milde Båtlag NM i Oselvar for ellevte gong på Milde, Fanafjorden og Krossfjorden. Tjue båtar frå sju ulike lag deltok i seglinga, og austevollingar utmerka seg i toppen. 

Bronseplass

"Ægir" er farkosten familien Van der Meeren, brukte til å segla seg inn til ein tredjeplass og bronsemedalje i NM denne helga .

—Laurdagen var det roleg vind med fine seglforhold, men på søndagen blas det meir og seglinga var meir krevande, fortel rormann Terje Van der Meeren. Han seglar saman med kona Gro og sonen Frode, medan sonen Yngve var i båten Sørvik, saman med blant anna Magnus Stangeland.

Startpokalen

"Carmencita" segla inn til ein åttande plass og ombord var Olav H. Østervold, Christian Østervold og Margrethe Østervold Haugland.

—Eg segla med besten og onkelen min, fortel tretten år gamle Margrethe. —Laurdag segla me fire seglas, og me endte opp på ein skuffande 14. plass. Humøret letta litt då me fekk vita at me hadde vinne startpokalen. Sola steikte og det var lite vind, men dette snudde på søndagen. Det vart ein fin segldag med skyer og mykje vind, og me fekk ein tredjeplass, og to sjuandeplassar. Dette resulterte at me hamna på ein åttande plass totalt i NM og var berre ein plass vekke frå medalje.

—Det var kjekt å segla, avsluttar ei godt nøgd Margrethe som ikkje seglar så mykje til vanleg.

Alle resultata frå seglasen finn ein her, og vil ein vita meir om Oselvarar kan ein finna bilete og info her.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering

EM Landeveg

EM Landeveg