Heis flagga, snart kjem NRKs sommarbåt til kommunen

NRKs sommarbåt nærmar seg Austevoll

Vis dykk fram både til sjøs og på land, oppmodar ordføraren, som inviterar til folkefest.

Av: Marie Mundal

Skuleskipet «MS Sjøkurs» skal gjennom åtte veker vitje 41 hamner langs kysten. Sommeråpent og Reiseradioen har sendingar frå alle hamnene, og publikum får følgje seglasen på klass hald. På torsdag vil heile Noreg få nyta kommunen vår når båten går mot stoppestad nummer 25; Bekkjarvik, minutt-for-minutt.

Renate endra ruta

Sommarbåten startar sin innsegling til Bekkjarvik, frå Hufthamar klokka 14.00 på torsdag. Ordførar Renate Møgster Klepsvik, overtalte like godt NRKbåten til å endre ruta for innseglingen til Austevoll.

Båten vil no segle opp ved Hufthamar via Toransvåg, Hundvåkøybrua før den legg til kai i Bekkjarvik.

- Eg oppmodar me alle til å møta til sjøs med både store og små båtar. Det vil bli filma heile tida, og dess fleire som kan stilla opp, dess betre. Me skal visa fram at me er ein maritim kommune, jublar Klepsvik.

Heis flagga, folkens

Ordføraren oppfordrar og alle til å heisa flagg, gå ut i båt, og stå på bruene når båten passerar. Det er berre til å bruka fantasien, når kameralinsene kjem til kommunen, og me skal i rampelyset. Det kan vere alt i frå å vinka frå hus og strandkanten, til å veiva med flagg når dei går forbi to av bruene. - Me skal vera den kommunen dei hugsar best, og me skal visa Austevoll frå vår beste side, det blir ein folkefest på både sjø og land, seier Møgster Klepsvik.

Austevoll minutt-for-minutt

NRK- sendinga sommaråpent startar 21.30, og frå klokka 20.00 vil det bli kystfest for store og små på kaiområet med sal av mat, og underhaldning. Kommunens superstjerne og meisterkokk, Ørjan Johannsessen er ein av dei som skal stilla opp til prat med Rikskringkastinga, og bergensbandet Razika skal rocke opp stemninga med sin bergenske indiepunk. Programleiarane for sendinga denne veka er sportsjournalist Carina Olset og artisten Tarjei Strøm. Det er NRK Hordalands Øyvor Bakke, som skal lede minutt-for-minutt-sendingane.

 

Innsegling: 14.00

Sendingar på NRK1:

Reiseradioen: 09- 11.00

På veg til: 19.30-19.45

Sommeråpent: 21.30- 22.15

Båten reiser: 24.juli 11.15

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering