Ny asfalt på Hundvåkøy

Ny asfalt på Hundvåkøy

Kjekkare å ferdast for bilistane

Av: Ole Andreas Drønen

Etter ein lengre periode med dårlege vegar, vart det i forrige veke lagt ny asfalt over delar av fylkesvegen på Hundvåkøy. Før den nye asfalten kom, bar vegane preg av at dei var slitt, og det var tydelege behov for ein overhaling. Den aktuelle strekningen som har fått seg ei ny drakt gjeld frå gamle barnehagen til Kviadalen. Vegane har no blitt breiare fleire stadar, og det er kommen fleire lommer som gjer det enklare for bilistane å møte kvarandre på vegen.

Det er veldig kjekt, seier ordførar Renate Møgster Klepsvik. —Me har hatt ein god dialog med Vegvesenet, og sånn som vegstandarden var der, kvalifiserte det innanfor rammene. Det er ikkje kvart år me får slike opprustningar.

Som Austevollingen tidlegare har skrive, kjem det i tillegg nytt dekke på to andre strekningar i Austevoll. Vegen frå Bekkjarvik kapell til Gauksheim, og vegen mellom Kolbeinsvik og Drønspollen. Ordføraren poengterar at desse planane held fram, og at det er ein planlagt innvestering. 

—I Gauksheim er det gjort eit grunnarbeid. Sjølve asfalteringen er ikkje kome i gang enda, men det kjem, avsluttar ordføraren.

Relaterte saker

Strekninga mellom kapellet i Bekkjarvik og Gauksheim er ein av to som skal asfalterast innan oktober i år. Foto: AMS

Oppgradering av fylkeskommunale vegar

29. juni 2015

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering