Ole Andreas kastar seg ut i nye utfordringar. Foto: privat

Ny skribent i Austevollingen

Som ein ser på bilete er Ole Andreas ein mann som kastar seg ut i nye utfordringar.

Av: Ann May Storebø

Sidan 15. oktober har nettavisa Austevollingen vore oppe å gått, og frå då til no har den vore driven som ein fritidssyssel ved sidan av lærarjobb. Det har vore slitsamt, og utruleg kjekt, og det er mange som har valt å lesa det som kjem på trykk om dagane. Det vert sett stor pris på!

Frå neste veke vert me to om Austevollingen, noko som kjem til å gjera avisa betre og meir oppdatert. Ole Andreas Drønen er nett ferdig med ein bachelor i medialeiing og innovasjon på Gjøvik, og er no klar for å setta sitt preg på nettavisa med artiklar og ei fast fredagsspalte.

—Etter å ha skrive 100 sider i bacheloroppgava mi, sa eg til dei andre på gruppa at eg aldri skulle røre eit tastatur igjen. Vel, det varte ikkje særleg lenge, fortel Ole Andreas. —I fredagsspalten vil eg med eit skråblikk sette ord på større og mindre saker i Austevoll som eg meinar har underhaldningsverdi. Mobilen min er full i notat med aktuelle idear, og det er på høg tid å frigjere plass på minnekortet til den skakkjørte Sonyen min.

Ole Andreas skal ha hovudfokus på politikk og sport, men kjem nok å vera borti det meste anna og. 

Relaterte saker

Ein maritim NAVklient

Ein maritim NAVklient

24. juni 2015

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering