På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Lesarinnlegg 

Av: Ann May Storebø

Seinhaustes i fjor spurte Gunnar Heimark om eg ville vere ordførarkandidaten til Austevoll Høgre. Ein blir raskt andektig når nominasjonskomiteens leiar stiller dette spørsmålet. Eg tygde ei stund på svaret, men det gav seg eigentleg sjølv.

 

Eg ønskjer å bli den neste ordføraren i Austevoll. Det er seks år sidan eg gjekk ut av kommunestyre, formannskap og innkjøpsavdelinga i DOF for å bli rådgivar for byrådsleiaren i Bergen. Å jobbe i Bergen var like lærerikt som det var hyggeleg. I kommunestyret i Austevoll var Høgre i opposisjon til ein fleirtalskonstellasjon der Frp var det berande partiet. I Austevoll fann me i Høgre derfor oftare saman med Ap i eit lagnadsfellesskap i opposisjon. I Bergen samarbeidde Høgre, Frp og KrF. Samarbeidet var svært godt og resultata har

tatt Bergen viktige steg framover.

 

Då Liv Bente og eg stod på stand på Storebø på laurdag var det ein veljar som sa at det var for mykje krangling i austevollspolitikken. Sjølv om debatt er ein del av politikkens vesen, så er det ikkje vanskeleg å vere usamd. Derfor har Høgre i tre veker no møtt veljarar med eit einaste dokument: Austevoll Høgres valprogram. Eit hefte der me ikkje tolkar innsatsen til andre parti gjennom perioden me legg bak oss, men rett og slett fortel kva Høgre ønskjer å gjere i dei fire åra som ligg føre oss.

 

Når me i Høgre møter veljarar så blir me ofte spurt om kven Høgre ønskjer å samarbeide med etter valet. Eg erkjenner at spørsmålet er meir aktuelt no enn førre gong Høgre styrte kommunen. Politikken i Austevoll har blitt meir polarisert — og delar av ansvaret, men ikkje alt, har Høgre og eg. Usemje er rett nok ikkje berre ein uting. I politikken må det jo vere skilnader mellom partia. Og når det er skilnader så er det naturlegvis også debatt og kritikk. Dét er ein heilt vesentleg del av demokratiet.

I Austevoll har likevel dei verkeleg store prosjekta blitt realisert når samfunnet og partia har stått saman. Eg har derfor eit ønskje om at den komande perioden i større grad skal pregast av samarbeid. Einkvar som tek ferjene og kjører på vegane våre skjønar at Austevoll må løyse store utfordringar framover. Då må me innimellom legge egoet til side — fordi Austevoll tener på at politikarar, på tvers av partia, går i takt.

Høgres sterke ønskje om samarbeid skuldast særleg at me er utålmodige. Me har hatt god oppslutnad blant veljarane i alle val, i inneverande periode med 31 prosent av stemmene, men me har tolv år bak oss i opposisjon. Me ønskjer igjen å overta styringa av Austevoll kommune.

Me skal ikkje gløyme at politikk er ei lagøving. Som listetopp ber eg om tillit til å inneha den viktigaste politiske posisjonen i øysamfunnet vårt, men eg skal ikkje gjere heile jobben åleine. Høgre stiller med ei fullteikna valliste med dyktige og engasjerte kandidatar. Me har representantar frå alle delar av kommunen, med ulik bakgrunn og alder. Det som likevel er felles for alle er eit ekte engasjement og ein vilje til å gjere ein innsats for Austevoll.

Sjølv om eg sat seks år i kommunestyret i Austevoll, så var det først då eg byrja som politisk rådgivar i Bergen eg verkeleg blei kjent med kommunal forvalting og organisasjon. I Austevoll var eg på kommunehuset for å delta i utvalsmøter og kommunestyre, men i Bergen hadde eg kontor på rådhuset. Det har gitt meg ein djup respekt for kommunalt tilsette, innsatsen dei gjer og engasjementet dei har. Eg har forstått at politiske avgjersler som blir fatta i kommunestyret har påverknad på dei tilsette. Eg veit at når politikarar snakkar, styrer og gjer vedtak, så er det til sjuande og sist dei tilsette som skal gjere ord til handling. Derfor skal dei ikkje berre skrytast av, men respekterast og takast vare på kvar dag.

Etter stortingsvalet for to år sidan blei sjefen min utnemnt til statsråd i den nye Høgre-Frp-regjeringa. Eg følgde med over fjellet og blei politisk rådgivar i det som no er Nærings- og fiskeridepartementet. Der åra i byrådet i Bergen lærte meg om kommunal styring, så har tida i departementet forsterka engasjementet mitt for næringspolitikk. Omgrepet, at verdiar må skapast før dei kan fordelast, er heilt rett. I tillegg har næringsverksemd ein verdi som er vanskelegare å måle. I Austevoll møter ein gründarar, entreprenørar og bedriftsleiarar overalt. Det aller mest verdifulle er arbeidsplassane dei skapar. Det er ein føresetnad for at me kan bu og leve her ute. Men dei fleste er også uvurderlege filantropar på sin måte, der pengane og patriotismen deira kjem øya, bygda og heile Austevoll til gode.

Haustens val handlar om kva ambisjonar me har for Austevoll. Kva me skal prioritere framover og kven som er dei beste til å få gjennomført satsingane. Eg håpar mange finn svar i programmet til Høgre og vallista vår. Det er på tide med eit skifte. Godt val.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering

EM Landeveg

EM Landeveg