Marianne Horseng Skogseth ser fram til å få fleire parkeringsplassar til butikken sin. Foto: AMS

Rimi snart Coop Extra

Det har skjedd ein del endringar ved Rimi på Storebø, men enda skal det skje litt til.

image
Av: Ann May Storebø

I omlag ei veke i september skal butikken på Storebø stengast og forvandlast frå Rimi til Coop Extra. Dette ser butikksjef Marianne Horseng Skogseth og hennar tilsette fram til.

—Det blir nok veldig positivt, og me har mange kundar som også gler seg til dette, seier butikksjefen. —Coop har veldig lojale kundar, så det blir spennande korleis omsetnaden vår vil verta i forhold til målsettinga for butikken her.

Stort utval

Coop Extra har ein stor non-food avdeling i butikkane sine, og Marianne Horseng Skogseth lovar at også her vil det vera muleg å få tak i mykje forskjelleg.

—Me er den minste kategoributikken til Coop Extra, men me skal likevel ha eit stort og godt utval av mat og andre varer i butikken. Ein del lokale tilpassingar må me også gjera, så me skal kunna tilby kundane våre det dei vil ha. Det kjem til å bli kjempebra, seier ho.

Forbetra parkeringsforhold

Blomebutikken Forglemmegei, som ligg i nabolokalet til Rimi, skal om ei veke flytta til nye lokaler. Det gamle lokalet skal då rivast, slik at Marianne vil få fleire parkeringsplassar til kundane sine.

—Det er sagt at det vil gje oss omlag femten ekstra parkeringsplassar og det vil ha mykje å sei for kundane våre, spesielt i helgene, seier ho. —No når bensinpumpene som stod utanfor det som var Statoil tidlegare også er vekke, er det mykje betre oversikt og plass når ein skal inn og ut på området.

Relaterte saker

Den nye stasjonen på Storebø har god plassering. Foto: AMS

Uno-X på Storebø

25. juni 2015

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering