Romaniahjelpen i Austevoll

Romaniahjelpen i Austevoll

To gongar i året kjem Romaniahjelpen til Austevoll og samlar inn sekkar med klede frå mange av dei rause innbyggarane i kommunen

image
image
Av: Ann May Storebø

Romaniahjelpen Vestlandet er ein ideell organisasjon, som brukar tid, energi og overflod til å skape betre kvardagar for dei som treng det mest. Det er omlag tjue menneske som jobbar jamnt og trutt, og av dei er det ei kjerne på åtte- ti personar som driv aktivt heile tida. Totalt er det omlag 50-60 medlemmar i organisajonen. 

—Me er ein gjeng som gjer dette fordi me likar det, fortel dagleg leiar Tor Benjaminsen. —Me har ikkje politisk eller religiøs tilknyting, og me som jobbar med dette har det som hobby. Det kjem nye tilskot i kommunar rundt om heile tida, så me er ein fin gjeng.

Innsamling

Ein av dei tinga Romaniahjelpen driv med er innsamling av klede som vert køyrt til Romania. 

—Me køyrer rundt med privatbilar og samlar inn sekkar med klede, fortel Tor Benjaminsen, men når me reiser litt lengre slik som til Austevoll, leiger me varebil og fyller opp. Me samlar alt på lageret vårt i Arna, og ikkje før me har 1200 sekkar bestiller me vogntog. Dette går sjølvsagt på økonomien og det er veldig viktig for oss at mest muleg overskot går inn i prosjekta våre. 

Forsyner atten barneheimar

Romaniahjelpen Vestlandet har forskjellige prosjekt i ulike barneheimar som dei skyt eventuelt overskot inn i. 

—Me har blant anna laga kontrakt med to fylkesbarnevern sånn at me har nærast ei forsyningsavtale til atten barneheimar, seier Tor. —Dei atten får klede og julegåver fast, men det er likevel ikkje berre dei som får. Me klarer ofte å gje til fleire.

Blåfjellprosjektet

Blåfjellprosjektet, som er eit av prosjekta dei har, handlar om åtte familiar med alt i frå besteforeldre til babyar, som bur i jordholer og skal inn i vinterisolerte hytter og få byrja på skule. Dette prosjektet utviklar seg heile tida og har fått støtte frå mange, blant anna frå Austevoll.

—Me gjer altså mykje meir enn å samla sekkar, fortel Tor.

Finansiering

For å få finansiert prosjekta sine tar Romaniahjelpen 100 kroner for kvar sekk dei tar i mot, slik at dei skal få dekka frakta ned til Romania. Utgifter til drivstoff, annonsering, leigebil og ferje kjem på omlag kroner 30-35 pr sekk, medan frakten ligg på kr 30-45 pr sekk. Eventuelt overskot går uavkorta til prosjekta dei driv. 

—Me har ei total driftskostnad på under kr 7000 i året, der 4000 av dei er telefonutgifter og resten er kopipapir og slike ting, fortel Tor. —Me har tilnærma null kroner i administrasjonskostnad.

Romaniahjelpen kjem til Austevoll

I dag står Romaniahjelpen i Bekkjarvik kl 19-19.30 og på Storebø kl 20-20.45, og i tar i mot sekkar som folk vil senda til Romania. 

—Austevoll er ein av dei plassane me vert svært godt mottatt, og me opplev at det er ei stor givarglede der ute, avsluttar Tor, som ser fram til å få henta sekkar i kommunen i dag.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering