Sjokkert over hjelmbruk

Sjokkert over hjelmbruk

Legestudent Mariel Troland (25), meinar austevollingane burde bli flinkare til å bruka sykkelhjelm.

Av: Marie Mundal

Det viktigaste du kan gjere for deg sjølv, er å beskytte hovudet ditt når du ferdast i trafikken, seier Mariel Troland, frå sykkelsetet. Legestudenten er overraska over å sjå kor få som bruker hjelm, når dei ferdast på sykkel langs vegane i Austevoll.

- Hovudet kan sjå hardt ut, men om du kolliderar er det vanskeleg å unngå store skadar. Både born og vaksne burde generelt bli flinkare til å nytta hjelm. Det ser kanskje ikkje så kult ut, men det er kulare enn å bli skada, poengterer Troland.

I gjennomsnitt møstar 10 personar livet på sykkel og 60 blir alvorleg skada, kvart år. Det er anslått at 4500 syklistar blir skada i trafikken årleg, viser tal frå Trygg Trafikk

. - Viss alle syklistar byrja å bruke hjelm, kunne 1600 hovudskadar vore førebygga kvart år. Me som har mange dårlege vegar i kommunen, burde vera ekstra påpasseleg, seier Troland og hjelmen, før dei gassar videre.

 

Austevoll Sykkelklubb vil vere gode døme

Trond Solbakken, aktiv syklist i Austevoll Sykkelklubb, fortel at det ikkje er påbode med hjelm under trening, eller på eigenhand. Men at det er eit krav på alle arrangerte ritt.

Solbakken seier at det er utelukka for aktive syklistar å ikkje bruke hjelm, då konsekvensane av å sykle utan er stor. Den spreke syklisten har sjølv opplevd eit fall i 50 km/t, og prisa seg lukkeleg at han brukte hjelm.

- Me vaksne er forbilder for dei små, og er dermed med på å påverke born sin bruk av hjelm, å alltid nytta hjelm er noko me i sykkelklubben vil vera gode døme på.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering