Sommarskulen for seglarar i gang

Sommarskulen for seglarar i gang

Flott start på sommarskulen for Austevoll Seilforening

image
image
image
Av: Ole Andreas Drønen

Mandag denne veka gjekk startskotet for sommarskulen til Austevoll Seilforening. Det vart ein flott start for sommarskulen, der 28 forventingsfulle born mellom 9 og 15 år deltar. Desse blir støtta opp av leiar for seglforeininga, frivillige foreldre, Kystlaget og Regina Njåstad frå kommunen. Dei ulike aktørane møtes kvar dag på Atalanta Båthavn der seglforeninga har anlagt sommarkvarter.

Leiar for Austevoll Seilforening, Andreas Iversen, er svært nøgd med at sommarværet kom same veka som sommarskulen starta. —Gjennom ei veke skal me få innsikt i seilingas magi, prøve ulike båtar, og viktigst av alt, like å seile. Det vert og tid til sjøvett, knutar og knoppar, samt bading og moro. 

Sommarkurset er eit iniativ frå Austevoll Seilforening for å få nytt liv i klubben, og for å finne talenter som har lyst til å gjere segling til sin idrett. 

Deltakarane

Av dei 30 som deltar på sommarskulen, er 9 jenter og det er god aldersspredning blant dei oppmøtte. Det er deltakarar frå heile kommunen, nokon frå seglvante familiar, medan andre aldri har satt sine bein i ein seglbåt før. Før den første dagen var omme, hadde alle prøvd seg i båt. Ein deltakar ramla i sjøen, og halvparten avslutta dagen med eit forfriskande bad i sommarsola. 

Tomannsbåtar, optimistjoller og storbåt

Seglforeininga har fått to Feva-joller av Gjensidigestiftelsen til satsninga, og dei har lånt fem båtar av Milde Båtlag.  Desse båtane er lynraske, men likevel mogleg å segle med for nybyrjarar.  Båten krev at dei to ombord samarbeidar om oppgåva,  dei lærar seg dermed meistring og læring i plenum. Me trur dette er ein smart måte å lære på,  og me vil derfor satse på båten framover, seier leiaren for Austevoll Seilforening.

Optimistjollene har dei lånt inn frå Hundvåkøy IL .  Båten gjev deg moglegheit til å lære steg for steg utan innblanding frå andre,  og den har gjennom tida vært det aller mest brukte rekrutteringsverktøyet for seglarar.
Storbåtar gjer det enklare å sjå kva seiling kan bli til for familiar og vaksne.  Torsdag vil tre knarrer, express og First 40,7 bli arenaen for alle 30 deltakarane på ein gang.

Sikkerheit først

Kystlaget er ein viktig støttespelar for Austevoll Seilforening, og sikkerheit er fyrsteprioritet. Det er sjølvsagt vestpåbud, men dei har og spelereglar for korleis dei skal hjelpe kvarandre. Gjennom veka skal dei lære å beherske kullsegling, og korleis handtere båt og mannskap når ein ligg i vatnet. På fredag vert sommarskulen avslutta med regatta, bålbrenning og grilling. Forhåpentlegvis har dei då fått nye seglvenar som skal bringe stolte tradisjonar vidare til nye generasjonar.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering