Statsraad-stipend

Statsraad-stipend

Er du klar for ei unik oppleving må du lesa dette!

Av: Ann May Storebø

Dersom ein er mellom 15-25 år er det muleg å å få vera med som medsiglar på Tall Ships Race. Det kostar normalt sett ein del, men for ein ungdom vil turen vera gratis. Statsraad Lehmkuhl har tatt kontakt med ordførar Renate Møgster Klepsvik for å tilby ein av austevollsungdommane stipend for å vera med ombord under regattaen. 

God søknad

Det er ikkje nokon enkel jobb å plukka ut den ungdommen som skal få stipend, så ungdommane må sjølv syta for å skilla seg ut i ein bra søknad om å få vera med. Innan mandag 6. juli må den vera hos ordføraren, som vil nominera ut i frå dei som kjem inn, og senda dei vidare til Statsraaden som vil gjera den endelege vurderinga ombord. Kan henda det er ein ungdom som normalt sett ikkje vågar å vera med på slike ting som no ser sitt snitt til å prøva noko nytt, eller om det er ein som ikkje har planar for sommaren, men leitar etter noko spesielt å finna på. Uansett kva grunnar ein måtte ha for å melda seg på, er det viktig at ein klarer å formulera det og selga seg inn til ordføraren og til stiftinga Statsraad Lehmkuhl.

—Alle som har lyst må senda inn ei god grunngjeving for kvifor ein bør få vera med på dette, seier ordføraren. —Kriteria for å få vera med er at ein er nøydd til å vera fylt 15 år når ein reiser, og ein kan ikkje vera over 25.

Kva ein får vera med på

I følgje nettsida til Statsraad Lehmkuhl er dette ein eineståande moglegheit til å sigla verdas største seilskuteregatta. Ein treng ingen forkunnskap for å vera med som medsiglar, då ein får jobba i team med den faste besetninga ombord i skuta.

Stipendet ein får vil inkludera tokt frå Bergen til Tall Ship Races i Kristiansand 21.- 25. juli, tre dagars folkefest i hamna i Kristiansand, siglas frå Kristiansand til Aalborg 28. juli - 1. august, og retur med fly derifrå. Heimreisa vert sponsa av Austevoll kommune.

 

 

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering