Opningsfest i Storebøportalen

Opningsfest i Storebøportalen

Sol og eit yrande folkeliv då Storebø opna det nye kjøpesenteret i går.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Ann May Storebø

I strålande solskin vart det nye senteret i Storebøportalen opna i går, og innehavarane av dei ulike bedriftane stråla om kapp med sola, samstundes som dei hadde det svært travelt. 

Masse folk

Sjølv om det var ein sjeldan varm og flott sommardag som passa godt til å tilbringe på stranda, var det enormt mange menneske som hadde valt å kome på opningsfesten til det nye senteret i går. Det var fullt av folk inne i dei nye lokala, og plassen rundt bygget var fullstappa av blide og glade austevollingar. 

Sparebanken vest

Banken har etter mange år omsider fått seg nytt kontor, og dei hadde eiga snorklipping inne hos seg før den offisielle opninga av bygget.

—Dette er eit unikt og bra kontor med heilt spesielle tilsette, sa regionbanksjef Trygve Waage, då han klipte snora. —Det er vel unt at dei no omsider får nye lokaler, for det har vore snakka om i mange år. Eg synast lokala er blitt kjempeflotte.

Dei hadde bestilt catering frå Heimalaga, serverte "bobler" i glas, og delte ut solbriller, drops, kortstokkar og anna reklamenips til dei som kom innom.

—Det var ein heilt fantastisk dag, seier banksjef Ragnhild Bjånesøy. —Alt var heilt perfekt og me kosa oss veldig.

Stor aktivitet i dag og

Ellisiv Hamre og hennar tilsette på reisebyrået hadde ein fin dag og.

—Me selde ein del meir enn vanleg i tillegg til at me hadde mange "feriepratar" for å planlegga turar framover, seier ho til Austevollingen i dag. —Samtlege som var innom synast me hadde fått eit fint byrå. I tillegg verkar det som at folk er strålande nøgd med at det endeleg skjer noko her på Storebø.

—Det er stor aktivitet og mange folk som er på handel i dag og, så det er ganske artig å sitte her, smiler ho. 

Heimalaga

Utanfor Heimalaga kunne ein få smakebitar av snøkrabbe, og servering av is, brus, kaffi og kaker. Det var sett opp bord og stolar, slik at ein skulle kunna setta seg ned å nyta mat og godsaker. Inne stod det folk i kø i kassen kontinuerleg, og det gjekk unna på dei forskjellege varene dei hadde i diskane sine. Dei serverte suppe, pannekaker, smørbrød, kaker og mykje meir, og heimalaga fiskekaker til den store gullmedalje. Til slutt gjekk dei tomme for dei gode fiskakakene. I tillegg til alt arbeidet dei hadde hatt med å laga til mat på førehand, hadde dei klart å levera catering til dei andre på huset og. Eg undra på korleis dei kunne ha rekke over alt dette. 

—Me har jo jobba ein del, smilte Anne Hauge, i det ho susa forbi å rydda litt, medan ho fann vatn på flasker og sjekka tilstanden på standen ute. Supertravel. 

Fiskeriministeren opna Heimalaga

Heimalaga er mest sannsynleg den første aktøren i Norge som er godkjend som kjøpar av fangst til serveringsstad etter dei nye reglane i forskrifta for fiskebåtar. Det vil sei at dei kan ta i mot lokalfanga fisk og skalldyr frå lokale fiskarar i Austevoll, for å selga.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker vart ønska velkomen av Karoline Møgster først, som var stolt og glad for at fiskeriministeren hadde tatt seg tid til å kome, og etterpå av Mons Ove Hauge, som fortalte at det var på facebook han hadde komen i kontakt med henne, og fått fortalt om tankane dei hadde rundt Heimalaga.

—At eg gjer den offisielle opninga av Heimalaga byrja faktisk med at me fann kvarandre på facebook, fortel fiskeriministeren i mikrofonen. —Mons Ove Hauge fortalte om sin forretningside om å ha fersk sjømat i disken, levert av lokale fiskarar. Dette var sjølvsagt søt musikk i ein fiskeriminister sine øyrer. Eg tente på ideen og tenkte at dersom dette er eit problem i dag må me løysa det.

Elisabeth Aspaker ser på dette som ein del av eit oppryddingsarbeid i eit lovverk, som har vore til hinder for at sjømaten som finnast på kysta vår, har vore tilgjengeleg i våre fiskediskar.

—No forenklar me og sørgar for at restauranter og detaljister skal få kjøpa fisk frå lokale fiskarar, seier ho. —Det gjenstår enno litt arbeid, men det er kome så lang at dette kan realiserast. Etterspørselen etter lokal sjømat er aukande og det er også bra for helsa vår. Me bør eta meir fisk, og det er kortreist mat.

Fiskeriministeren er ikkje berre nøgd med konseptet Heimalaga, men også namnet likar ho godt.

—Heimalaga er eit flott og passande namn som forpliktar. No håpar eg at alle austevollingar finn vegen her. 

Gode tilbakemeldingar

Karoline Møgster var særs nøgd med dagen. 

—Me har fått laga eit nytt og spennande sentrumsområde, og eg er nøgd med korleis det er blitt her, seier ho. —Det har vore travelt og mykje å gjera no i innspurten, men det hadde det vore om me hadde hatt ein månad til på oss og. 

—Det er tenkt som ei handlegate, slik som i Gågata i Bergen, der det ligg små nisjebutikkar på rad og rekke.  Me har valt å ikkje ha fellesareal, slik at det ikkje skal verta unødige kostnader for dei som leiger. Eg synast det blei veldig fint. Me har fått mykje bra tilbakemeldingar, så no håpar eg verkeleg at folk er flinke til å bruka butikkane.

Diverse underhaldning og moteshow

I alle butikkane var det yrande liv og og røre, og i frå scena ute i eit telt kunne ein høyra flotte tonar frå Kristine Fagerbakke og Sigve Solbakken, Elida og Dag Waage og barna frå Sol-Li barnehage. I publikum var det ein god gjeng frå PO-senteret som kosa seg med fin song og folkelivet. 

Sparebanken Vest nytta høvet til å dela ut nokre sjekkar på mellom 3 og 4 hundretusen, som dei heldige vart ropt opp på scenen for å ta i mot, og det vart nokre takketaler til banken. Dryss, som er motebutikken på huset, hadde fått fem modellar til å visa fram fleire antrekk frå butikken, men i slutten av showet var det dukka opp ein sjette modell.

Guaiden

Guiden Geir Ove, som er ein nær bekjend av Sølvi Hausberg, spankulerte plutseleg så fint saman med dei andre modellane i den alt for korte buksa si.

—No har dei fått klesbutikk her og eg skulle kanskje hatt ny buksa, sa Geir Ove, medan han drog litt i si eiga. —Denne kjøpte eg på Vestbø på manufakturen til konfirmasjonen min. Vestbø var dåtidas kjøpesenter, fortalte han til latter frå publikum.

Geir Ove var der for å presentera dei nye butikkane, og han var litt bekymra over at Sparebanken Vest var flytta opp her.

—Det er litt skummelt at banken no er her, for dei hadde jo politivakt der dei var tidlegare. Det var no vel litt tryggare, meinte han. Han hadde fått med seg at det var starta frisør på senteret, noko som han synast var positivt. 

—Eg brukar no å klippa meg sjølv, men eg vil sjå veldig nøye på dei som kjem ut derifrå, lova han. —Og veit de at eg trur denne her BE-A-UTY-butikken kan forlenga da mesta. I allefall på damene. "Øyvips" å greier.

..og blomebutikken har alt! Løvetann, Tigertann, Blåklokke, Snøveis, Kvitveis O-S-V. Ein finne alt her!

Arriva har eit godt tilbod i dag på at dersom eg er med å planlegg turen for dykk kostar det berre 50 kroner ekstra, og for 200 blir eg med! Eg e jysla god på sånne Chorter-turar, fortel han, og me er alle overtydd om at det heilt sikkert stemmer

Mest imponert av alt er Geir Ove over Heimalaga, som har finne ein heilt genial måte å tena pengar på. 

—Er du ute med "gadn" eller ute med fiskestang tar du fisken med deg der, spør kva dei skal ha for den, betalar, tar fisken med deg og går heim. Spør du fint so "filinera" dei an til deg og, for berre eit lite ekstra beløp. Men de må vera forsiktige så de ikkje tar feil, for Gullfisken kan forvekslast på grunn av namnet, men for guds skuld ikkje ta å sleng ei pala på disken te Agnethe, i allfall ikkje med mindre den har ei perla i seg.

Guiden Geir Ove seier han har fått mange gode forslag til kva som kan kome i dei to øverste etasjane i bygget.

—Innegolf for fiffen, fuglareservat, enno eit Livsstilssenter. No skal eg i allefall gå ut i vegen å laga sperringar slik at alle må kome inn her, og så skal eg guida fiskeriministeren rundt i kommunen, dersom eg finn ho att. 

Trekning og anna moro

Ein kunne vera med i trekninga av gåvekort i går, så ein måtte syta for at ein fekk stempel i alle bedriftane. Dei fire lykkelege vinnarane var Janne Haugland, Rebekka Klepsvik Økland, Anne K. H. Økland og Alette B. Bjånesøy, og dei vann kvar sitt gåvekort på 500 kr, som kan brukast på senteret.

For barna var hoppeslottet stor suksess, og sjølvsagt var det stas at Sparegrisen og Godteguri hadde tatt turen også. Butikkane lokkar med opningstid til klokka 19 i dag og, og gode tilbod både i dag og i morgon.

 

Dei som fekk midlar hos Sparebanken Vest var:
Austevoll pensjonistlag
Selbjørn IL
Austevoll historielag
Stolmen vel
Austevoll kunstforening
Fagerbakke Vel
Selvågen byggefelt
Studio Austevoll
Kulturoperatørane
Grendahuset på Storebø
Drøna Vel
Livstilssenteret Tuftepark
Austevoll turlag koppar/gevinstar til sommarturane

Relaterte saker

Storebøportalen

03. juli 2015

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering