Full aktivitet i Storebøportalen. Foto: AMS

Storebøportalen næringspark

Hektiske dagar før opninga på førstkomande torsdag.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Ann May Storebø

På torsdag i veka som kjem skal Storebøportalen næringspark opna, og alle butikkane jobbar på spreng for å verta ferdige til snora skal klippast. Nokon har meir å gjera enn andre, men sjølv om det er travelt er dei trygge på at dei skal kome i hamn. Det er ikkje berre inne i butikkane det er arbeid som skal gjerast, så arbeidarar er i full sving med asfalteringa av uteområdet samstundes. Næringsparken i Storebøportalen er laga som eit handletun med eigne innganger til butikkane og ikkje fellesareal, slik som butikkane i Gågata og på Torgallmenningen i Bergen. Senteret skal ha ei kjernetid frå 10-17 i kvardagane, med tilpassingar eit par dagar i veka. Heile første etasje er no opptatt, men framleis er det plass til fleire i etasjane over.

Forglemmegei blomster

Sigrun Blindheim har allereie fått flytta ein del ting frå gamlebutikken sin og inn i det nye lokalet. Snakk om stilskifte. Den nye butikken har eit litt rustikt og røft utsjåande med veggar i betong og finèr. Høg takhøgde gjer det luftig og fint, og den store kjølen er ein draum synast Sigrun.

—Eg er veldig nøgd og gler meg til butikken er ferdig, seier ho. —Eg har allereie fått gjort ein heil del, for eg har hatt hjelp i tre dagar til å flytta. Eg har og hatt god hjelp til interiørbiten, så det er veldig kjekt. Det står litt hips om haps nett no, men det kjem til å bli bra. 

Ei heilt ny verd

—Me gler oss heise til opninga. Dette har me venta på lenge, seier Sigrun. —Me kjem og til å få mykje større uteplass enn me har hatt før, så til neste år vil det verta litt meir hagesenter hos oss. Det kjem til å bli ei heilt ny verd.

ART hårstudio

Ein halv runde rundt bygget ligg ART hårstudio som er den nye frisørsalongen til Charlotte Haugland, Aase Sjursen og Caroline Drivenes. Charlotte har jobba som frisør i Bergen etter utdanninga si, Aase har vore på Charmen AS på Storebø i mange år, og Caroline har drive Vivema frisør på Selbjørn. Dei tre har no lagt saman kompetansen og det gode humøret sitt og starta i lag. Veggane er mala i grå kalkmaling, som gjev eit moderne og kult inntrykk. Det er heile åtte arbeidsplassar i salongen i tillegg til vaskestasjonar, resepsjon og produkthyller.

—Me har fått litt hjelp med interiøret frå leverandøren vår, og me er kjempenøgd med sånn som lokalet ser ut. 

Dei visar fram salongen og korleis den skal bli.

—Her skal de sitta å få vaska håret medan de får massasje og nyt utsikta av Skansen, fortel Charlotte. Dei tre vaskestasjonane står altså vendt mot fototapet med Skansen som motiv. —Me er nok dei einaste som har ryggmassasje i stolane her ute, men hovudmassasjen er det me som står for sjølv, ler dei tre sprudlande damene.

Charmen AS legg ned

Med seg på laget har dei fått Tove Ervik, som etter 35 år no legg ned Charmen AS og byrjar å jobba for ART. Dette kjem ekstra godt med no i byrjinga når Charlotte Haugland framleis er i morspermisjon og Caroline Drivenes har halvanna månad igjen før ho og skal i permisjon.

—Det er flott å få med seg all den gode kompetansen Tove har, så det er kjempebra at ho er med oss. Me kjem nok og til å vera mykje innom sjølv om me er i permisjon, seier dei to, som ser for seg at dei skal få sjonglera det til med mors- og farspermisjonar, tidskonto, god hjelp og snille babyar.

Flinke frisørar

Det har byrja å komma inn litt bestillingar til neste veke, og dei ser at dei mulegens kan byrja å ta i mot telefonbestillingar i butikken allereie på tysdag. Klippinga byrjar dei med klokka 13 på torsdagen. Dei håpar sjølvsagt at kundane deira vil følga dei til den nye salongen, og at dei får fleire nye kundar som vil prøva dei.

—Me er flinke frisørar og håpar folk vil gje oss ein sjanse, seier Caroline. —Eg trur me skal kunna gje dei gode opplevingar når dei kjem her.

Dei tre frisørane meiner dei skal ha eit godt kundegrunnlag, også sidan dei har den einaste salongen på Storebø. 

—No kan kundane bestilla time hos oss på nettet, og då kan ein få påminning eit par dagar før ein har time. Det er veldig greit og gå inn å sjå kva som er ledig, og sjølv legga seg inn på ein time som passar. I tillegg vert det sett pris på at folk ringer og stikk innom for å avtala tid. 

—Det er alltid kjekt når folk kjem innom og helsar på oss, seier frisørane.

Sparebanken Vest

I frisørsalongen kom det plutseleg fleire blide ansikt inn. Banksjef Ragnhild Bjånesøy, Silje S. Pedersen og Turi Helen Gangsøy ville gjerne få visa fram dei nye, og flotte lokala sine også, så me sa takk og farvel til ART hårstudio og tok turen rundt hjørna og inn i banken. Det første som møtte oss der var minibank og innskotsmaskin inne i den ytterste gongen.

—Her kan folk betjena seg sjølve og både ta ut pengar og gjera innskot når dei vil, seier dei tre damene. — Dei kan hiva inn myntar og, til og med midt på natta om dei vil. 

Lyse, flotte lokaler

Bankdamene fortel entusiastisk om lokala sine. 

—Det blir kjempebra med desse opne, lyse kontora, seier dei og peikar på kontora som er sett opp i glasveggar. —Sjølv om dei er laga i glas skal ein ikkje sitta på utstilling når ein har eit møte med nokon i banken, så me har ein knapp me kan trykka på for å få sota glas, seier Ragnhild. — Det er heilt fantastisk, ler ho.

Tre slike møterom og seks arbeidsplassar i ope landskap er det som møter oss når me kjem i banken. I tillegg til desse tre glade fjesa vil me finna Anette Vik som og er ein del av teamet, eigedomsmeklar Nils Arne Hatlevik som har arbeidsstad der eit par dagar i veka, og plasseringsrådgjevar Randi Dahle på bedrift, som også er innom jamnleg. 

—Me har stengt mandag, tysdag og onsdag og opnar opp her på torsdag, fortel damene. —Det tar litt tid å få oss i gong, for det er så mykje datalinjer og slike ting som ligg nede hos oss. Torsdag klokka elleve, altså ein time før offisiell opning av bygget, har me offisiell opning her hos oss.

Endeleg i nytt hus

Sparebanken har sidan 2002 skrive fleire kontraktar på nye lokaler.

—Me gler oss heise. Det er faktisk blitt heile tretten år sidan me skreiv under på den første kontrakten om nye kontor, og ingenting blei noko av, så no er me så glade for å omsider komma inn i dette fine lokalet. Det er tydleg at me har hatt behov for eit slikt bygg, sidan heile første etasje er fullt opp med ein gong. 

Heimalaga

Som næraste nabo til Sparebanken ligg Heimalaga, og saman med bankdamene tok eg turen innom for å sjå korleis det stod til der. Heimalaga skal, som namnet tilseier, servera nettopp heimalaga mat i fleire variantar. Dei skal blant anna selga sjøkreps, snøkrabbe og fersk fisk når dei har det, og heimalaga fiskakaker til å ta med heim, eller som ein av fleire middagar på menyen om ein vil eta der.

—Det er fantastisk artig, seier Anne Hauge, som er ein av innehavarane av Heimalaga.

I tillegg til sjømat og anna kjøt skal dei ha bollar, kaker og smørbød i diskane sine og utlevering av catering. No jobbar dei for å få ferdig lokalet, for det er mykje som skal på plass i eit slikt kjøken. 

—Å setta opp eit slikt kjøken er ganske dyrt, så me har vore tidleg ute og finne mykje bra og brukt utstyr, fortel Anne, som er spennklar til å komma i gong. —No flikkar me på det slik at det ser nytt og fint ut, og så skal me få alt på plass.

Fiskeriministeren kjem

Eksporten av norsk fisk er formidabel, men det er eit forbetringspotensiale for å få fisk ut til folket i Norge. Som eit grep for å gjera sjømat meir tilgjengeleg her i landet, er forskrifta for fiskemottak no skriven om, slik at ein lettare kan ta i mot fisk utan å måtta gå gjennom salslag. 

Heimalaga er ein av dei som no kan ta i mot fersk fisk og få den ut til kundane sine på ein enklare måte, og difor vil fiskeriminister Elisabeth Aspaker gjera den offisielle opninga av butikken.

Får fersk fisk levert direkte

Heimalaga har fått kontakt med fleire lokale fiskarar som dei håpar å kunne knyte til seg for å få levert fisk på fast basis. Dei har ikkje heilt bestemt korleis leveringa skal gå føre seg enno, men det er muleg dei kjem til å kjøpa inn ein "pizzabil" som dei kan frakta sjømaten i. Det skal dei finna ut av saman med fiskarane. 

Auge for detaljer

På disken ligg eit stort rekvedstykke, som held på å verta ein lampe. Bestefar til Lene Søreide, som også er innehavar av Heimalaga, har laga taua som skal helda den oppe så den er skikkeleg heimalaga den og. På borda skal det vera pynt laga med avisbilete frå tjue år gamle Marsteinen, så det er mange "kjente" som dekorerar borda der inne.

Forenkla åpningsmeny

Frå torsdag til laurdag i opningsveka skal det serverast ein forenkla meny med heimalaga fiskekaker og fiskesuppe, dagens fisk og fleskapannekake. Dei har og sikra at dei har hjortekjøt i disken til heile den første veka, sjølv om det er fisk og sjømat som vil vera hovudfokus den første tida.

—Eg håpar at folk er flinke til å bruka oss, og at me kan oppføra oss slik at folk har lyst til å komma igjen, seier Anne.

Gullfisken

Agnethe Storebø har drive Gullfisken i dei same lokala i Sentrumsbygg i nitten år.  Ho synast det er kjekt å flytta på seg etter heile denne tida, og er spent på om kundane blir med. Lokalet hennar er litt større enn det ho hadde, og lyst og triveleg. Ho har allereie fått ein del varer i hyllene, men det er kun nye ting. No skal ho bruka dei siste dagane før opninga til å flytta varene sine frå gammal til ny butikk.

—Me skal ha stengt fram til torsdag, og då håpar eg at eg er klar med alt. Eg håpar kundane følger med oss bort her. Det blir i allefall spennande, og kanskje det blir ein ny vår for meg, ler ho.

—Det er nokre fine butikkar her, og me har no meir å tilby på Storebø enn det me har hatt før, så det trur eg er veldig bra, seier Agnethe. —Det er og litt spennande om det kjem mykje folk til opninga sidan det er midt i ferien.

Adora Femme

Jentene på Adora Femme ser og fram til å komma seg inn i nye, lyse lokaler. Dei har to behandlingsrom der dei skal gjera behandlingar som voksing, hand- og neglepleie, fotpleie, spraytan, sminke, vippe-extencions, dekksminke (for å sminka vekk tatoveringar blant anna) og enda meir.

—Me håpar at folk skal få med seg alt me kan tilby av ulike behandlingar, seier dagleg leiar Elise Drivenes. —Det er fleire som har blitt overraska over at me har fotbehandlingar for eksempel, men det er mange som vil ha det når dei oppdagar det.

Lokalet er ikkje ferdig mala enno, så det er ikkje så mykje jentene kan gjera akkurat no. 

—Me får venta til fargen er komen på veggane og hyllene opp, så kan me byrja å fylla i dei og setta inn møblane våre, seier Elise, som og gler seg til å komma i gong i nytt lokale.

Dryss

Bergitte Tveit Haugland tar livet med ro på cruise i Middelhavet akkurat no. Før ho reiste fekk ho sett opp det meste av innreiinga ho skal ha i den nye klesbutikken sin Dryss, så det er mykje som er klart til ho kjem heim for siste innspurt på søndag. 

—Eg har fått mykje av kleda og tilbehøyret i frå forskjellege leverandørar, så eg gler meg til å komma heim å gjera butikken klar for opning, skriv ho på melding til Austevollingen. —Det blir ei spennande tid framover, og eg håpar sjølvsagt at mange likar butikken og dei merka eg har valt ut. I tillegg til å selga klede i butikken skal eg og ha eigen nettbutikk i Handlegaten.

Arriva

I Arriva sine lokale er det og litt igjen å gjera, men alt går etter planen. 

—Alt er i rute og me gler oss stort, flirer ei veldig travel Ellisiv Hamre, då ho ikkje har tid til å sei så mykje meir om den saken.

Spente og klare

Felles for alle butikkane er at dei er svært nøgd med å flytta inn i nye, fine lokaler, og spente på opninga på torsdag, og dagane etterpå. 

—Det er jo vanleg arbeidsdag for mange, og i tillegg er det fellesferie, så me anar jo ikkje kor mange som kjem.

Butikkane lovar gode tilbod og noko som kan passa til dei fleste. Nokre plassar blir det goodybags til dei som handlar, og andre plassar vert det prosentar og tilbod på produkt. Dei fleste tilboda vert køyrt til og med laurdagen.

Asfaltert og stelt

Utanfor har Austevoll asfalt i rekordfart fått asfaltert det som skulle vera klart til opninga.

—Me brukte 34 samanhengande timar på å få det ferdig, fortel Preben Jensen. —Me heldt på frå klokka 07 torsdagsmorgon, til klokka 17 fredag ettermiddag utan stopp, så no er alt klart.

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering