Venstre svarar på spørsmåla til Midtgård

Venstre svarar på spørsmåla til Midtgård

"Me vil jobba for nyare og meir miljøvenlege ferjer."

Av: Ann May Storebø

1)Meiner partiet at Austevoll kommune bør slåast saman med andre kommunar? Kva vilkår må eventuelt liggja føre for at det skal bli aktuelt?

Me vil ta dette spørsmålet til vurdering, Austevoll er kanskje ikkje den lettaste kommunen å slå i saman med ein annan kommune, men ein må sjå på om tenestetilbodet blir betre av å slå seg i saman med andre. Om Austevoll blir del av ein større kommunen, trur me at det vil bli bra for lokaldemokratiet. For eksempel kan dei mindre partia stille breiare lister, og ein kan få litt større avstand mellom folkevalde og interessentar.

 2)Vil partiet arbeida for at kommunen vert landfast – eventuelt korleis? Visst ikkje – kva ferjetilbod ser partiet for seg?

Viktigaste for oss er at ein for på plass eit ferjetilbod som er kommunen verdig. Med nyare og meir klimavenlege ferjer. Me vil og ha fleire avgangar. Ser og at det er ein god del motstand mot ei bru over Langenuen, så me er ganske avventande til dette prosjektet.

3) Kva samferdselsprosjekt internt i kommunen på kommunevegar og fylkesvegar vil partiet prioritera fremst? Korleis skal dei finansierast?

Etter Venstre sitt syn må ein få ei langt betre trafikksikring av vegen mellom Storebø og Eidsbøen. Ein må få til ein tunnel under Bjelland og betre vei ved Haukanes, Andre prosjekt me vil støtta er ny bru over Torangsvågen og vegen ved Fagerbakke. Me må jobba for at Hordaland fylke tar ein del av finansieringa, og for så at kommunen tar ein del inn på bompengar.

4)Vil partiet gå inn for bompengeinnkreving som ein del av finansieringa til vegnettet internt i kommunen og/eller til eit framtidig fastlandssamband?

Me kan gå inn for ei lengre bompengeinnkrevjing, dersom det er det som skal til for å få eit betre vegnett i kommunen.

5) Kva meiner partiet om den planlagde verninga av eit område i Krossfjorden?

Foreløpig er dette ein høyringsrunde om å opprette eit vereområde i Krossfjorden, men me er skeptisk til å verna heile fjorden!

6) Korleis vil partiet balansera ønske om privat utbygging av naust/hyttefelt/industriområde i høve til å sikra område til rekreasjon/landbruk og naturvern?

Me vil ta omsyn til NLF områder, og desse må prioriterast i utbyggingssaker. Der det for eksempel må utvidast ein veg ved eit landbruksområde, må ein passa på at ein tar vekk minst mogleg vekk av jorda ved sidan av vegen.

7) Vil kommunen i større grad nytta områdeplanar for å samordna bustadutbygging og utbygging av anna infrastruktur ?

Ja, me vil jobba for betre områdeplanar. Med betre områdeplanar, kan og bli lettare å setta igang nye prosjekt.

8)Kva stadar i Austevoll ser partiet for seg som satsingsområde for industri/næringsutvikling?

Me vil vidareutvikla dei næringsparkane som er i kommunen, me vil ogso legga til rette for fleire. Eit eksempel på dette, kan vera ein næringspark, der det er tilrettelagt for enkeltmannsføretak og mindre bedrifter. Ein slik park vil vera særs nyttig for å skapa eit godt miljø og legge til rette for meir gründerverksemnd.

9)Vil partiet halda fast på konkurranseutsetjinga av pleie og omsorgstenestene eller vil desse bli rekommunaliserte?

For oss er det viktigaste at tilsette, brukarar og pårørande er nøgd med pleie og omsorgstenestene. Det daglege aktivitetstilbodet har no blitt betre for brukarane, som me synes er særs positivt.

10)Kva meiner partiet om etablering av private grunnskular i Austevoll?

For Venstre er den offentlege skulen det viktigaste, men me er ikkje negative til private skular i kommunen om det pedagogiske tilbodet er tilfredsstillande.

Det er ikkje mange år sidan den vidaregåande skulen vår var truga av nedlegging, og om me skulle komme opp i ein slik situasjon att, vil ikkje Venstre stå i vegen for at næringslivet kan starte ein skule som tar seg av dei tilboda skulen vår har i dag

11)Vil partiet oppretthalda skulen på Møgster?

I utgangspunktet vil Venstre sjå på om det er mogleg å leggje ned skulen på Møkster. Men dette kan ikkje skje, om ikkje borna har ein trygg og god skuleveg.

12)Kor mange syriske flyktningar vil partiet ta i mot? Korleis vil partiet prioritera integreringsarbeidet i kommunen?

Me har eit like stort ansvar som andre kommunar for å hjelpe desse menneskjene. Vi har no den største flyktningekatastrofen i historia, og Austevoll bør ha meir enn nok ressursar og plass til å huse nokre av desse flyktningane. Dette må sjølvsagt skje med auka overføringar frå Staten. For Austevoll Venstre er integreringsarbeid viktig, og me vil jobba for at innvandrar møter lokalbefolkninga. Me vil styrke norskopplæringa og gjere tiltak for å få dei snarast inn i arbeidsmarknaden.

13) Kva meiner partiet om eigedomskatt i Austevoll?

Me vil freista å unngå eigedomskatt, men me vil jobba for at det kan bli lov å leggja eigedomsskatt på fritidsbustadar!

14)Om det vert opp til kommunen å avgjera om butikkane skal vera søndagsopne, vil partiet gå inn for søndagsopne butikkar i Austevoll?

Ja, om det ikkje er all for stor lokal motstand mot søndagsopne butikkar. Me vil vil vera lyttande til butikkar og tilsette, om kva dei meiner om saka. Austevoll har jo allereie hatt erfaring med søndagsopne butikkar i sommarmånadane.

15) Kva vil partiet gjera for å styrka kommuneøkonomien og hindra at kommunen kjem i ROBEK registeret?

Viktigaste er at vi ikkje over budsjetterer, og at det er god økonomistyring i kommunen. Me vil og sette igang arbeid med å energieffektivisera kommunale bygg, og det vil etter ei tid gi innsparingar.

16) Kva meiner partiet om landbaserte oppdrettsanlegg?

Me trur ikkje dette er vegen å gå, det ville berre legga beslag på meir strandsone. Me har verdas beste kystline for havbruk, og den bør me nytta oss av. Det er fortsatt ein del utfordringar i havbruksnæringa, men kvar dag jobbar veldig kompetente mennesker med desse utfordringane, og me trur me vil om kort tid sjå ei løysing på dette. Me ser heller at me utviklar dagens teknologi og at ein heller legg til rette for lukka anlegg. Me er og positive til at ein har blåskjel anlegg og at ein dyrkar algar rundt oppdrettsanlegg.

17)Kva vil partiet gjera for å stimulera til meire ”grøne val” og få ned miljø - og klimautsleppa i kommunen?

Me vil jobba for nyare og meir miljøvenlege ferjer. Men vil og jobba for at at fleire kommunale bygg får meir miljøvenleg oppvarming. For eks flis fyring eller fjernvarme der det lar seg gjera. Venstre er opptatt av grøn skattelegging, som kan få folk til å ta meir miljøvennlege val.

Relaterte saker

Spørsmål til partia i Austevoll

Spørsmål til partia i Austevoll

09. juli 2015

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering