Vil du presentere verksemda di?

Vil du presentere verksemda di?

I oktober reiser tilsette frå Nærings- og fiskeridepartementet land og strand rundt på bedriftsbesøk. 

Av: Ann May Storebø

Kvart år sender Nærings- og fiskeridepartementet sine tilsette på bedriftsbesøk rundt om i landet, og i år skal desse besøka skje mellom 19. og 23. oktober. I ei pressemelding ber departementet interesserte bedriftar, næringsforeningar, næringsklynger, andre næringsaktørar og kommunar frå heile landet om å melda seg. 

—Me ber no om at bedriftar frå heile landet inviterar oss på besøk, seier næringsminister Monica Mæland. —Me ønskjer å få tettare kontakt med næringslivet, og å få gode innspel til arbeidet me gjer.  

Ønskjer å møte bedriftar med gode idear

Bedriftar og næringslivsaktørar som inviterar til besøk kan få presentere verksemda si. Dei får og moglegheit til å gi nyttige innspel både til departementets arbeid og regjeringas næringslivspolitikk. Samstundes får dei eit innblikk i korleis departementet jobbar.

—Norge står foran ei omstilling, me ønskjer å møte bedriftar med gode idear til å forbetre si konkurransekraft. Me trur at mange bedriftar har noko å fortelje oss og no har dei sjansen, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker, og visar til det store potensialet for auka verdiskaping i marin sektor.

Ta kontakt

Dersom ein vil vera med i vurderinga for å få besøk, må ein senda invitasjon, og gjerne ei kort begrunning, til nærings- og fiskeridepartementet. Tema for årets bedriftsbesøk er omstilling, innovasjon og konkurransekraft.

Mail til postmottak@nfd.dep.no, innan frista som er 25. august 2015, og merk eposten med «Ut i landet».

 

Fleire saker

Austevollingen

Austevollingen

På tide med eit skifte

På tide med eit skifte

Kunstsymposium

Kunstsymposium

FOTO: Yngve Van der Meeren

NM i Oselvar

Køyrte utan førarkort

Køyrte utan førarkort

Anita’s Alpnaering

Anita’s Alpnaering